Marie Bruarøy fekk æra av å gjennomføra det første slaget på den nye greenen.
Marie Bruarøy fekk æra av å gjennomføra det første slaget på den nye greenen.

Treffsikker opning av ny puttinggreen

Privatmegler-greenen blei opna av sjølvaste ordføraren i solsteiken på Bjørnefjorden Golfklubb i dag.

Rett over klokka 12 fekk Marie Bruarøy æra av å slå det første slaget på den snauklipte grasmatta. Graset er ein spesiell type som kallast krypkvein.

– Vi må klippa greenen kvar dag. Graset veks og får også utstikkarar som veks sidevegs, fortel dagleg leiar i Bjørnefjorden golfklubb, Per-Ove Bahus Lysvold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Privatmegleren sponsa

Privatmegleren Vikøyr & Brandt sponsa den nye greenen med alt av utstyr og materiale, medan golfklubben stod for kunnskap om korleis greenen skulle sjå ut og dugnadsinnsats.

– Vi synest at Bjørnefjorden Golfklubb driv anlegget på ein fantastisk måte. Samstundes har vi fleire golfinteresserte på kontoret, og vi har vore her oppe og spelt nokre gongar alle saman. Golfklubben har eit veldrive lokalt anlegg som gjev eit fantastisk sosialt tilbod, fortel partnar Herman Brandt i meklarfirmaet.

To år

Frå golfklubben starta prosjektet har det teke to år før greenen blei ein realitet. Lysvold frydar seg over at Privatmegleren hjelpte med finansieringa av det nye putteområdet.

Hermann Brandt frå Privatmegleren Vikøyr & Brandt var nummer to på grasmatta.
Hermann Brandt frå Privatmegleren Vikøyr & Brandt var nummer to på grasmatta.
Per-Ove Bahus Lysvold fekk blomar av Marie Bruarøy under opninga.
Per-Ove Bahus Lysvold fekk blomar av Marie Bruarøy under opninga.
Slik ser den nye greenen ut.
Slik ser den nye greenen ut.
Så nære var ordføraren å putta tidenes første put på greenen.
Så nære var ordføraren å putta tidenes første put på greenen.
Privatmegleren Vikøyr & Brandt sponsa puttinggreenen.
Privatmegleren Vikøyr & Brandt sponsa puttinggreenen.

– Vi er veldig takksame for den støtta vi har fått av Privatmegleren Vikøyr & Brandt, seier den daglege leiaren.

Den nye greenen gjev større kapasitet og betre treningshøve for den store banen.

– Underlaget på puttinggreenen skal vera likt som ute på dei store banene. Samstundes er den nærare utslagsstaden for det første holet, forklarar Lysvold.

Eit hol

Før graset blei kort og veleigna for putting, var ikkje området nytta av golfklubben.

– Då var det berre eit stort hol. At vi no har fått den klar gjev også ein betre samanheng i parken, fortel Lysvold.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til den golfretta nyetableringen har dei bygd ein bocciabane.

– Bocciabanen blei nettopp klar. Det var ikkje det vanskelegaste å setja opp, men det er eit ekstra tilbod til dei interesserte, seier han.

Imponert ordførar

Ordførar Marie Bruarøy sparar ikkje på superlativa når ho snakkar om det flotte anlegget.

– Det er fantastisk det dei har fått til. Dei har ein enorm dugnadsinnsats. Golftilbodet dei legg til rette for er veldig bra for bygda. Dette er noko som passar for alle aldrar og gjer at folk kjem seg i aktivitet.

Ho er også glad for at lokale verksemder hjelper til for å gjera det heile mogeleg.

– Det er veldig flott at Privatmegleren er med å sponsa greenen. Dei skapar aktivitet gjennom bidraga, og fortener skryt for det arbeidet, avsluttar ordføraren.

post@osogfusa.no