Målet er at alle husstandar skal få besøk søndag. Til det trengst 100.000 bøsseberarar.
Målet er at alle husstandar skal få besøk søndag. Til det trengst 100.000 bøsseberarar.

Treng bøsseberarar til TV-aksjonen

Har du eit par timar til overs søndag? TV-aksjonen treng bøsseberarar.

Os kommune opplyser at turen tek om lag to timar og er mellom kl 15 og 18.

Koordinator for innsamlinga i Os er Tove Hille ved frivilligsentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

TV-aksjonen 2018 går til Kirkens Bymisjons arbeid for å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn.

- Noreg er eit samfunn der forskjellane aukar. Forskjellar som ikkje først og fremst handlar om etnisitet eller religion, kor du kjem frå eller kven du er. Men om du er innanfor eller utanfor. Det er mange måtar å vera utanfor på. Frå å mangla ei seng å sova i, til å vera utanfor arbeidsliv eller sosiale fellesskap. Dette rammar ikkje berre enkeltpersonar, men gir ringverknader for heile befolkninga, heiter det på blimed.no, nettsidene til årets aksjon.

Med TV-aksjonen 2018 vil Kirkens Bymisjon «skapa møte som endrar liv».

- Ved å opna dører og leggja til rette for at fleire møtest, skal vi visa kvifor årets TV-aksjon er viktigare enn aldri før, heiter det i ei pressmelding.

Målet er at alle husstandar skal få besøk den 21. oktober. Til det trengst 100.000 bøsseberarar.

jostein@osogfusa.no

TV-aksjonen NRK er verdas største innsamlingsaksjon målt i tal frivillige og innsamla kroner fordelt på befolkning

7.000 frivillige over heile landet organiserer innsamlinga

100 000 bøsseberarar bankar på 2,3 millioner dører

TV-aksjonen har vorte arrangert kvart år sidan 1974

På selve TV-aksjonsdagen sender NRK direkte heile søndag kveld