Politiet fekk kjapt kontroll på situasjonen då ein mann ringde inn eit trugsmål i går.
Politiet fekk kjapt kontroll på situasjonen då ein mann ringde inn eit trugsmål i går.

Truga med å angripa institusjon i Os

Etter at mannen ringde inn trugsmålet på fredag var politiet raskt på plass og fekk kontroll på mannen.

Fredag ettermiddag fekk politiet melding om trugsmålet via tilsette ved institusjonen.

– Me responderte umiddelbart. Dette var ein kjenning av politiet og me fekk raskt kontroll på han. I slike situasjonar dreg me god nytte av vår lokalkunnskap og får raskt kontroll, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dreidde det seg om eit bombetrugsmål?

– Eg veit ikkje om eg kan gå så langt, men han truga med å gå drastisk til verks mot ein offentleg institusjon i bygda. Det er dessverre ein trend som oppstår innimellom det å truga offentlege personar og bygningar, seier han.

– Så det er snakk om tomme truslar?

– Ja, til sjuande og sist er det det. Men politiet reagerer som om det skulle vera ekte truslar, seier han.

Dyrdal opplyser at det er oppretta sak mot mannen, og at strafferamma for det han er gjort, er høg.

ol@osogfusa.no