Truls Hovland var i godt slag mot Viking 2. 23-åringen skåra to mål.
Truls Hovland var i godt slag mot Viking 2. 23-åringen skåra to mål.

Truls`trylleshow var ikkje nok

Truls Hovland var høgt og lågt og skåra to mål mot Viking 2 laurdag. Dessverre for årdølen og Lysekloster utlikna Sidisane til 3-3 to minutt på overtid.

– Åh dette var sjukt kjipt. Korleis gjekk det med Tottenham, spurde Hovland underteikna om etter kampen. Venstrekanten trong tydelegvis noko anna å tenkje på.

Kring ti minutt før full tid sette han inn sitt andre mål for kampen, og sender Lysekloster opp i 3-2-leiing. Like etter går banens beste av banen med antydning til skade.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vart skadd i vårmøtet med Viking 2. Det heldt meg ute i over tre månadar. No var det like før eg rauk til igjen, sa 23-åringen då han gjekk av banen.

To minutt på overtid måtte han konstatera at lagkameratane sleppte Viking 2 til på Lyseklosters venstrekant og at Ivar Øidvin kom seg framfor både keeper og midtforsvar og sette inn 3-3.

Hadde dei fleire sjansar?

Målet imot kom ut av ingenting. Nett som Viking 2 sine første mål.

Willy Zamble vart henta frå Brattvåg i sommerferien og debuterte for Lysekloster laurdag. Spissen var god og rutinert, fungerte godt som oppspelspunkt, men burde ha skåra eit mål eller to i denne kampen.
Willy Zamble vart henta frå Brattvåg i sommerferien og debuterte for Lysekloster laurdag. Spissen var god og rutinert, fungerte godt som oppspelspunkt, men burde ha skåra eit mål eller to i denne kampen.
– Denis er vår nye kaptein. Han har vore i tre år i klubben og representerer kontiunitet. Eg meiner han er rett mann for den jobben no, konstaterer trenar Hetlevik.
– Denis er vår nye kaptein. Han har vore i tre år i klubben og representerer kontiunitet. Eg meiner han er rett mann for den jobben no, konstaterer trenar Hetlevik.
Even Vetås var kreativ og god, spesielt i første omgang. Her har den tidlegare Brann 2-spelaren nett sett inn 1-1-målet.
Even Vetås var kreativ og god, spesielt i første omgang. Her har den tidlegare Brann 2-spelaren nett sett inn 1-1-målet.

– Dei får nokre svært billige mål av oss i dag. Det første må Thomas Hille (keeper) ta på si kappe. Det andre er kommunikasjonssvikt i forsvar, seier trenar Ruben Hetlevik.

0-1 sat i noten heilt mot spelets gang. Både Hovland og nykomar Willy Zamble, som starta som spiss i laurdagens match, hadde hatt enorme sjansar i starten av kampen. I staden var det ein vaken Lasse Egeland som såg at Hille stod langt ute og banka til frå kring 50 meter og ordna dagens første skåriing.

Lysekloster kvitterte umiddelbart med friske Even Vetås. Han headda inn 1-1 etter eit innlegg frå Hovland.

1-2 kom etter eit innlegg frå Viking 2 sin høgrekant. Ingen plukka opp Egeland som sette inn sitt andre for dagen. Også her må seiast at keeper Hille såg noko passiv ut.

Truls Hovland var svært god og aktiv så lenge han spelte. I andre omgang breisida han først inn utlikninga til 2-2, før han elegant curla ballen i lengste hjørnet for keeper frå kring 18 meters hald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter dette hadde Lysekloster fleire sjansar til å auka til 4-2. Ikkje minst Vladan Radojkic burde skåra, då innbytar Szymon Walzak spelte han heilt fri på sju meters hald.

Skal ta Sotra heime

Etter kampen var det ein mutt gjeng med munkar som stod att på graset.

– Dette var utruleg kjipt. Denne kampen skulle, og burde me vunne med god margin, seier veteran Sigve Rørstad.

Ettersom leiarlaget Sotra slo Førde 2-0 laurdag, er Lysekloster no fem poeng bak teten igjen.

– Det er ikkje verre enn at me slår Sotra i internoppgjeret vårt mot dei her i parken og at dei tapar ein kamp til. Det er lenge igjen av sesongen, seier Rørstad.