Heilt sidan ideen om å strøyma konserten blei lansert, har artist Ingebjørg Bratland vore positiv.
Heilt sidan ideen om å strøyma konserten blei lansert, har artist Ingebjørg Bratland vore positiv.

Utvidar vellukka satsing på strøyming

Kommande laurdag blir konserten med Ingebjørg Bratland og band strøyma frå Oseanasalen til Luranetunet. Også pasientar ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen og St. Olavs Hospital i Trondheim vil kunna sjå konserten.

– Vi har tidlegare strøyma Riksteatret sine førestillingar, no utvidar vi med meir innhald til same målgruppe, skriv Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg i ei pressemelding.

Konserten blir overført som ei direktesending. Slik er det mogleg å inkludera sjåarane i opplevinga medan den ho finn stad, som om dei sat i salen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til dømes, ved å sende ei spesiell helsing frå scenekanten til sjåarane på eit spesielt sjukehus, vil dei som ser på kunna få ei oppleving av eksklusivitet og av å vera til stades på konserten, sjølv om dei ikkje er der fysisk, skriv Lindeberg.

– Dette er berre starten

På Luranetunet vil konserten bli vist i stovene og på romma dersom enkelte skulle ønske det. Ved seinare høve kan ein også ta i bruk den nye Tropehagen.

– Oseana Kunst og Kultursenter er eit regionalt kulturhus, og vi har såleis eit ansvar for å gje tilbake til samfunnet rundt oss. Her går samarbeidet med Kavlifondet som hand i hanske, Teknologien gjer oss fantastiske mogelegheiter til å dele kunst og kulturprosjekt med fleire, skriv Lindeberg.

Ingebjørg Bratland har vore positiv til prosjektet heilt sidan det blei lansert i november i fjor.

– Det er både viktig og kjekt når artistane og deira management omfamnar slike prosjekt. Saman med Kavlifondet, har vi inngått strøymeavtalar som strekkjer seg over fleire prosjekt, så dette er berre starten, avsluttar direktøren.