Politiet i Os har siste døgeret teke hand om fleire vanskelege menn.
Politiet i Os har siste døgeret teke hand om fleire vanskelege menn.

Vanskelege menn i Os

Det siste døgeret har politiet teke hand om tre saker med menn i hovudrolla.

Det starta i går ettermiddag på Hatvik. 16.15 stogga politiet ein bil og bad om å få sjå førarkortet til sjåføren. Vedkomande nekta. Mannen, som var i 60-åra, vart dermed meld for brot på Trafikklova.

Bortvist frå sentrum

Klokka 22 måtte politiet be ein mann i 30-åra om å forlata Os sentrum på grunn av «rusa oppførsel». Vedkomande fekk pålegg om å halda seg unna sentrum til klokka åtte søndag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kverrsett førarkort

Kvelden vart avslutta med promillekontroll ved Ulven leir kl. 22.30. 60 bilar vart kontrollerte. 59 av dei kunne køyra vidare, men ein bilførar bles til raudt.

Mannen i 60-åra vart rutinemessig teken med til legevakt for blodprøve. Førarkortet er kversett og det er oppretta sak.