Nøyaktig ein månad etter vesle julaftan står lysa på juletrea og julelenkene i Os sentrum framleis å lyser.
Nøyaktig ein månad etter vesle julaftan står lysa på juletrea og julelenkene i Os sentrum framleis å lyser.

Varer jula heilt til påske?

Me har alt innført rakettoppskyting dagen etter nyttårsaftan. Er det neste å halda på jula heilt til påske?

I fjor var underteikna ute og spurte om det ikkje var på tide å sløkkja jula. Eg hadde merka meg at både juletre og julepynt framleis lyste opp i Os sentrum og private heimar. Datoen var då 9. januar. No snakkar me 23. januar. Då skulle ein tru ein var på juleovertid.

Er på saka

Ifølgje gamle juletradisjonar er det to datoar som gjeld. 13. dag jul, altså 6. januar, eller 20. dag jul - 13. januar. Uansett kva ein måtte føla for å følgja, er Os sentrum altså lovleg sein med å fjerna julepynten denne gongen. Sjølv juletreet står med fullt lys på torget. Då er det kanskje på sin plass å spørja om me feira jul heilt til påske denne gongen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hehe, nei, me skal ikkje det. Faktisk skal julelenkene og juletreet bort i morgon, altså onsdag, fortel leiar i sentrumsforeningen, William Lindborg.

Han beklagar at det har gått litt over tida denne gongen.

– Me er sjølvsagt alt for seine, men ettersom eg har foreldrepermisjon for tida, vart det litt krøkkete å få samkøyrt arbeidet, forklarer Lindborg.

Ein dag i veka

I løpet av onsdag føremiddag skal altså jula for alvor bort frå denne gong. Teknisk etat tek seg av treet, medan brannvesenet fjernar julelenkene.

– Og frå då av er du på plass igjen for fullt?

– Nei, eg har faktisk ganske lang permisjon no framover. Men eg kjem ikkje til å vera heilt borte. Eg vil jobba ein dag i veka fram til påske, seier Lindborg.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no