Torgeir Skjælaaen og Henriette Kleppe og Selene (1 1/2) inviterer til idémyldring om "Berekraftige Liv på Os" torsdag kveld.
Torgeir Skjælaaen og Henriette Kleppe og Selene (1 1/2) inviterer til idémyldring om "Berekraftige Liv på Os" torsdag kveld.

Vil starta «Berekraftige liv på Os»

Ideen om grøne nabonettverk spreier seg som eld i turt gras over heile landet. Nokre lokale eldsjeler inviterer torsdag kveld til idémyldring for oppstart på Os.

I stova til Henriette Kleppe i Varåsgrenda sit dottera Selene og nabo Torgeir Skjælaaen. Me møter dei for å snakka om det som skal skje på torsdag i Os folkebibliotek. Ei idémyldring om korleis «Berekraftige liv på Os» kan bli sjåande ut.

- Kva er "berekraftige liv" for noko?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det starta på Landås i 2008. Litt slik som me sit no, sat tre naboar og snakka i lag om kva ein kan gjera lokalt for å leva meir i pakt med miljøet og med lokalsamfunnet, seier Kleppe.

Vedhogst, bildeling og sjølvdyrking?

Nettsida til Bærekraftige liv på Landås siterer Mahatma Gandhi: "Du må sjølv bli den forandringa du ønskjer å sjå i verda". Ein finn også ei rekkje konkrete tiltak som dei har starta opp lokalt: Bildelering, bytedag for babyutstyr, kurs i konservering av mat og om solcellepanel, felles vedhogst-dag, og dyrking av grønsaker i parsellhagar.

- I møte med store problem som klimakrisa er det lett å bli motlaus, og tenkja at det ikkje speler noko rolle kva me gjer som enkeltpersonar. Men dersom fleire går i lag, vert me sterkare. Me vil kasta blikket på den staden der me bur, og sjå kva ressursar og idear me har her. Eg har tru på krafta i lokalsamfunnet, seier Skjælaaen.

- Dess meir ein kan gjera lokalt, som å kjøpa eller byta varer og tenester i nærmiljøet, dess meir miljøvenleg?

- Ja, miljøvern er ei side av det. Å knyta kontaktar i nærmiljøet er dessutan eit gode i seg sjølv. Kanskje du har ein god idé som gjer at eg kan redusera mitt forbruk? Kanskje nokon sit med kunnskap om korleis ein på ein enkel måte kan starta med kompostering? Kanskje nokon veit om kvar ein i Os kan få kjøpt mat dyrka lokalt? Me vonar at slike idéar kan bli lufta på møtet vårt på torsdag, seier Kleppe.

- Målet er ikkje å bli ein kopi av det dei har på Landås, men eg trur at me i fellesskap kan finna fram til gode løysingar for Os. Difor treng me koma i lag for å drøfta nettopp det, seier Skjælaaen.

Matkollektiv til Os?

På Landås har dei også starta opp noko dei kallar "Matkollektivet". I tillegg til nettbutikk av økologisk og lokalprodusert mat, tilbyr dei også utkøyring av ferdige pakkar med råvarer. Ikkje heilt ulikt «Adams matkasse», berre med større vekt på kvar varene kjem frå. Enn så lenge finst tenesta i Bergen og med utkøyring til Askøy, men dei to naboane vil arbeida for at dette tilbodet blir utvida til Os også.

- Der kan ein få mat produsert i Fusa, fisk frå fjorden, frukt frå Hardanger og ei rekkje økologiske produkt. Dersom me er fleire som går i lag, kan me kanskje få eit leveringspunkt på Os, seier Skjælaaen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Idémyldringa finn stad i Os folkebibliotek, torsdag kl 19.30. Det er også oppretta ei eiga facebook-side, kalla «Bærekraftige liv Os»