MDG og Frp fann kvarandre i sak om ølutsal onsdags kveld. Her representert ved Nils-Anders Nøttseter og Espen Aspenes.
MDG og Frp fann kvarandre i sak om ølutsal onsdags kveld. Her representert ved Nils-Anders Nøttseter og Espen Aspenes.

Opna opp for eigen ølbutikk i Os

Medan KrF føreslo å få ned alkoholforbruket, fann MDG og Frp på å opna opp for eige ølutsal i bygda.

I kommunestyret onsdag var retningsliner for sals- og skjenkeløyve i Os oppe til behandling. Nils-Anders Nøttseter (MDG) hadde merka seg at det i framlegget stod at salsløyve for alkoholhaldig drikke berre kan gjevast til daglegvarebutikkar. Han lurte på om det var for avgrensa, og kunne leggja hinder i vegen for andre aktørar.

Konkret Øl-butikk-satsing

Nøttseter fortalte at han var blitt kontakta av ein øl-entusiast som vurderte å satsa på øl-utsal i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har ein sterk øl-kultur i bygda. Og då snakkar me ikkje om grøftefyll, men om kvalitetsøl og spontangjæra øl. Kva kan me gjera for å unngå at retningslinene forhindrar nokon i å starta opp eit ølutsal i Os av same type som ein har i Bergen, spurde Nøttseter.

Han viste til Gulating ølutsal som har over 300 typar øl for sal.

Uvanleg samarbeid

Sjølv om det ikkje er heilt vanleg at Frp og Miljøpartiet Dei Grøne går i tospann, var det nettopp det som skjedde etter Nøttseters utspel. Terje Søviknes (Frp) gav si fulle støtte til representanten.

- Det finst ingen formelle hinder i vegen for at me kan gje løyve til spesialbutikkar av denne typen med ei alkoholgrense på maks 4,7 prosent. Eg fremjar difor framlegg om å ta med ein setning om at salsløyve også kan gjevast til spesial- og kvalitetsmat-forretningar, sa Søviknes.

MDG vart med som medforslagsstillar.

KrF: Tenk på dei svake

- No snakkar me om utøving av alkohollova lokalt. Me i KrF er opptekne av dei familiane som lir pga. alkoholmisbruk. Tenk på dei svake. Dette foraet har ansvaret, og bør ta ansvaret. Eller er me berre opptekne av ølfestivalar, ølkultur og ølbutikkar? spurde Jakob Enerhaug, og fekk støtte frå partifelle Tryggve Lillestøl.

- Eg har snakka med politiet i Os om dette. Dei let vel om skjenkestadene i kommunen. Men dei påpeikar at ved valdssituasjonane i kommunen skriv seg frå alkoholbruk. Det meiner eg at ein må tenkja på dersom ein jobbar for eit nytt ølutsal. Det vil gje meir rus og dermed meir vald, sa Lillestøl.

KrF føreslo eit tillegg til forskrifta som gjekk på at alkoholpolitikken i kommunen skulle utøvast i samsvar med føremålet i lova, og redusera bruken av alkohol og skadeverknadene av denne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Votering

Framlegget frå KrF:

3 røyster og fall: 2 KrF, 1 Sp (Siren Tømmerbakke)

Framlegget frå MDG:

33 røyster og vedteke: Alle minus KrF

Retningslinene for øvrig: Samrøystes