Tunet omfattar Borgstova, paktarbustaden, stabburet og prestebustaden (biletet) som no er fråflytta, men teken i bruk av psykiatritenesta i Os. Dei tre første bygningane er freda.
Tunet omfattar Borgstova, paktarbustaden, stabburet og prestebustaden (biletet) som no er fråflytta, men teken i bruk av psykiatritenesta i Os. Dei tre første bygningane er freda.

Os Prestegard - ei perle i Os Sentrum

Os prestegard er ei historisk perle i Os sentrum. Under kulturminnedagane gav Oddbjørn Klyve dei frammøtte eit nærare innblikk i historia kring bygningane og garden.

I samband med at Os kommune ved kulturkontoret arrangerte kulturminnedagane vart Klyve, som er leiar i Os Sogelag, beden om å snakka om historia kring Os prestegard.

35 personar møtte fram denne laurdagsføremiddagen 17. september i Borgstova for å høyra foredrag og få ei omvising på tunet som omfatta Borgstova, paktarbustaden, stabburet og prestebustaden som no er fråflytta, men teken i bruk av psykiatritenesta i Os. Dei tre første bygningane er freda.

Artikkelen held fram under annonsen.

10 arkiv og bibliotek er kontakta for å finna nytt stoff. Noko er funne og meir er det som enno ikkje er frigitt. Elles har Nils Tveit gjort ein grundig jobb.

Herborg Sunde Jentoft sto for omvisinga i paktarbustaden der ho hadde heile sin barndom. Faren Peder Sunde var paktar frå 1935 til garden vart nedlagt ca 1965. Herborg kunne fortelja mykje om korleis husa vart brukt, og korleis det var å veksa opp i prestegardstunet.

Frå ca 1350

Ein antar at den første kyrkja i Os vart bygd ca 1050. Den stod til kring 1600. Kyrkja på Bø er først nemnd i 1288, men er mykje eldre. Kanskje var det det gamle gudehovet som var omskipa til kyrkje. Kyrkja på Bø vart riven i 1544.

Herborg Sunde Jentoft (t.v) stod for omvisinga i paktarbustaden der ho hadde heile sin barndom. Her i lag med Oddbjørn Klyve frå Os Sogelag og Øyvind Gjerde frå kommunen.
Herborg Sunde Jentoft (t.v) stod for omvisinga i paktarbustaden der ho hadde heile sin barndom. Her i lag med Oddbjørn Klyve frå Os Sogelag og Øyvind Gjerde frå kommunen.

Borgstova er frå ca 1350 og skal vera den eldste trebygningen på ein prestegard i Noreg. I 1930 vart bygninga ført tilbake til opphavleg form. Borgstova var fyrste prestebustaden. Neste prestebustaden var det vi kallar paktarbustaden frå ca 1650. Den var i to høgder.

I 1820 var forfallet kome så langt at presten krov ny bustad. Den vart oppmålt og teikna på nytt før den vart riven i1924.

Igjen gjorde manglande vedlikehald seg gjeldande. Arkitekt Ole Landmark skriv i januar 1924 at det gamle hus er i "elendig og sunnhetsfarlig forfatning".

Alt i januar 1925 vart det tatt branntakst på det nye bygget som Ole Landmark hadde teikna.

Han gjorde òg nyttige oppmålingar av alle dei freda bygningane på tunet. Alle desse teikningane er tekne vare på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godkjend ombygging?

Herborg Sunde Jentoft har teke opp med sogelaget at ho er rysta over korleis paktarbustaden er ombygd. Ein undrar seg på om dette kan vera godkjent av vernestyresmaktene. Eit lydstudio i 2. høgda og korleis kjøkenet er ombygd har lite med eit verna bygg å gjera. Fylkeskonservatoren bør kontaktast for å føra paktarbustaden frå 1650 tilbake slik den var etter oppmåling og teikningar av arkitekt Ole Landmark i 1920. Heile prestegardstunet bør ha ein heilskapleg verneverdi. Sogelaget vil freista følgje denne saka.

Os Sogelag som no har nesten 60 medlemer, vil oppmoda interesserte til å ta kontakt og melda seg inn slik at vi etter kvart kan bli ein faktor å rekna med når spørsmål knytt til kulturminne kjem opp.

Eirik Lyssand

Os Sogelag