Bjørg Tveit har jobba på Kuventræ skule heilt sidan han opna i 1978. Etter nesten 40 år på Kuventræ har ho pensjonert seg, og ser fram til å nyta fridagane.
Bjørg Tveit har jobba på Kuventræ skule heilt sidan han opna i 1978. Etter nesten 40 år på Kuventræ har ho pensjonert seg, og ser fram til å nyta fridagane.

Pakkar sekken etter 42 år ved skulebenken

Etter 42 år som lærar hadde Bjørg Tveit sin siste arbeidsdag før jul. Noko av det beste ho veit er å treffa på gamle elevar og høyra korleis det har gått med dei.

Hausten 1974 hadde Bjørg sin første dag som lærar. Ho starta på Os skule, der blei ho i tre år, før ho tok eitt år med vidareutdanning. Så starta ho på Kuventræ barneskule då han opna i 1978. Der har ho vore sidan.

- Eg pleidde å spøkja om at eg skulle vera lærar til ein av mine første elevar hadde fått barnebarn som skulle starta på skulen. Det skjer faktisk no til hausten, seier Bjørg før ho smilande legg til at det eigentleg ikkje er difor ho no valte å pensjonera seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørg har jobba i over 40 år som fulltidstilsett. Stillinga har aldri blitt redusert, sjølv om ho har hatt tre born.

- På den tida hadde vi berre tre månader morspermisjon, no har ein jo nesten eit heilt år. Det er kjempebra at det er blitt slik, men det gjekk greitt med meg den gongen også. Då var lærarane bundne til å vera på skulen når dei hadde timar, etter det kunne ein gå heim. Eg kunne difor gå tidlegare heim til ungane, og tok fram att arbeidet når dei hadde lagt seg, og jobba utover kvelden.

- Difor har eg blitt så lenge

Samfunnet har naturleg nok endra seg over dei siste ti-åra. Som lærar har det medført ei stor endring i arbeidskvardagen.

Rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen, kjem til å sakna Bjørg.- Det er rart at ho ikkje er ved skulen lenger. Ho er blitt spurt til råds om mykje, og hadde alltid nokre triks i ermet, seier Røttingen.
Rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen, kjem til å sakna Bjørg.- Det er rart at ho ikkje er ved skulen lenger. Ho er blitt spurt til råds om mykje, og hadde alltid nokre triks i ermet, seier Røttingen.

- Det er i dag eit stort krav til dokumentasjon. Ein må skriva rapport på alt ein gjer. Alt skal dokumenterast. Det er også stort fokus på tidleg hjelp. Det burde vore meir av dette då eg tok til som lærar også, seier Bjørg.

Sjølv om det har blitt meir travelt å vera lærar, har Bjørg hatt det utruleg kjekt i jobben heilt til siste dag.

- Det er difor eg har blitt så lenge. Eg har hatt det kjekt, og aldri kvidd meg til å gå på jobb. Det er klart nokre dagar er meir slitsame enn andre. Ein veit aldri kva dagen bringer før den er over, og det er ikkje alltid ein får gjennomført alt ein har tenkt, seier Bjørg og smiler.

Skryter av leiarar og medarbeidarar

Bjørg har vore kontaktlærar og undervist i kunst og handverk, men dei siste åra har ho stort sett vore spesialpedagog.

- Har det vore meir utfordrande?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har hatt færre elevar å forholda meg til. Eg synest begge delar er kjekke. Det å få sjå gleda i ungar som har streva med å rekna med pluss og minus, og endeleg får det til, eller plutseleg får til å lesa, er utruleg gjevande, seier Bjørg.

Den kjekke arbeidskvardagen og det gode miljøet på Kuventræ, takkar Bjørg gode kollegaar og flinke leiarar for. Bjørg blir rørt når ho snakkar om dei tre rektorane ho har fått jobba under.

- Lorentz Solberg, Per Olav Sørås og Olav Røttingen, alle dei tre hadde ein tydeleg filosofi. Dei lét oss lærarar få sleppa til. Dei var alle gode på det. Dei har sett medarbeidarane sine, og gitt oss utfordringar. Vi har fått dra på kurs og fått ta vidareutdanning. Det er grunnen til at eg har blitt her så lenge. Det og gode kollegaar, seier Bjørg.

Den siste dagen på skulen

Med om lag 40 år på same arbeidsplass, er det ikkje rart at Bjørg blir rørt når vi snakkar om siste arbeidsdagen.

- Eg hadde min siste dag før juleferien. Det var spesielt, seier Bjørg og held fram:

- Det er veldig kjekt å få koma bort her igjen. Eg er ikkje lei meg for at eg slutta, altså, seier ho medan ho tørkar ei tåre.

- Eg er berre litt emosjonell av meg.

Ho har vore attende på Kuventræ for å rydda ut av kontoret. Der har det samla seg mykje med tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har teke vare på ting som eg tenkte at eg kunne få bruk for. Mellom anna permar for kvart år. Dei har eg lagt i hylla, og der dei har blitt ståande. Det er nok litt latskap frå mi side også, seier ho og smiler.

Men det er ikkje berre latskap. Mange gode idear og arbeidsoppgåver er tekne vare på. Tidlegare var også alt i papirform. No er alt blitt digitalt.

- Det er nok vanskeleg for nokon å bruka materialet mitt. Kven tek seg bryet med å scanna alt?

Om foreldras viktige rolle

Bjørg har med åra hatt tallause elevar under vingene sine.

- Har du nokre gonger vore bekymra for korleis det skulle gå med enkelte elevar?

- Eg har ikkje vore bekymra, men eg tenkjer på dei, og lurer alltid på korleis det går med dei vidare i livet. Endå har eg til gode å høyra at det ikkje har gått bra. Det skal seiast at det ikkje er alle som "rapporterer" til meg, men det ordnar seg som regel for dei aller, aller fleste, seier Bjørg.

Sjølv for dei som slit stort på skulen, plar det nemleg ordna seg. Det er det mange grunnar til, meiner Bjørg. I dag er samfunnet basert på at alle kan lesa og skriva, og kan ein ikkje det, er ein hjelpelaus.

- Difor er det stort fokus på å læra elevane å lesa og skriva, og tidleg innsats til dei som treng det. Her har foreldre også ein viktig jobb. Det er viktig å tulla og tøysa med borna. Lag rim og regler, og snakk med borna. Spør dei kva ulike ord tyder. Forsking viser at foreldre som bryr seg, og tek aktivt del i å læra borna, har ein stor, positiv effekt. Gløym klesvasken og oppvasken. Ikkje berre sett borna framfor skjermen. Det er viktig å begrensa tida. Om dei berre sit og tek i mot på ein skjerm, så lærar dei lite. Ein skal ha tilbakemeldingar og trena på språket, seier Bjørg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Leikedagar er som julaftan for ungane

Mange av endringane i skulen dei siste åra, meiner Bjørg er positive, men éin ting er trist. Ungane får ikkje leika like mykje som tidlegare.

- Det blei betre tilrettelagt for leik før. I dag er det skule frå dag éin. Meininga med å ta seksåringane inn i skulen var at dei skulle få leika mykje det første året, og ikkje berre parkera dei på ein stol, seier Bjørg.

Primært har læraren undervist dei eldste elevane i barneskulen, ikkje dei yngste. Men tre gonger i det lange lærar-livet hennar, har ho starta som kontaktlærar for førsteklassingane.

- Eg hugsar reaksjonane når vi fortalte at dei skulle ha leiketime, og at dei måtte ta med seg leiker på skulen. Det var som julaftan for dei. Det saknar eg. Slik er det ikkje lenger.

Den vesle jenta som gjekk feil

Av dei mange minna og historiene ho har frå Kuventræ, er det éi som stammar frå den aller første klassen ho tok i mot. Då heldt skulen til i klubbhuset på Kuventræ. Bjørg hadde vore på kurs på førehand. Der fekk ho tips om at det kunne vera smart å gå med dei same kleda to dagar på rad, då ungane ikkje har så lett for å hugsa namn.

- Eg tok på meg den same lyse kjolen dagen etter at eg trefte elevane for første gong. Det var ikkje eit dumt tips, for det var ei lita jente som gjekk inn til ein annan klasse. Då læraren spurte kven ho eigentleg skulle til, svara ho: Til dama i den kvite kjolen. Ho hugsa ikkje kven eg var eller kva eg heitte. I dag er jenta ei godt vaksen dame, seier Bjørg og smiler.

- Gler meg like mykje som foreldra

Etter over 40 år som lærar har Bjørg blitt kjend med mange osingar, både born, vaksne og besteforeldre. Då er det lett for at det kan bli mange å helsa på og slå av ein prat med når ein er ute og går.

- Er det litt som eit kjendis-liv, ved at mange stoppar og vil slå av ein prat?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har faktisk snakka med min mann om dette. Går eg på butikken ein laurdagsføremiddag, så treffer eg både foreldre og andre eg kjenner frå andre settingar. Då kan det lett ta litt tid. Eg har blitt kjend med veldig mange, og det er hyggelege folk. Det er ikkje slik at ein står og har lange samtalar med dei, men eg helsar alltid på folk eg kjenner, seier Bjørg og legg til:

- Det er veldig kjekt å treffa att gamle elevar. Foreldre også. Då spør eg korleis det går med ungane. Dei er jo litt mine born også, veit du. Eg har kjent dei lenge, og gler meg like mykje som foreldra over alt som går bra.

Einvegs-billett med Hurtigruten

Første dagen etter juleferien skulle ho vanlegvis hatt planane klare for elevane, og eigne planar for spesialelevane, slik ho pleidde etter kvar einaste ferie. Det treng ikkje Bjørg lenger. No ser ho fram til å ha fri.

- Eg har kjøpt einvegs-billett med Hurtigruten, og flybillett til Kirkenes. Vi skal ta båten derfrå. Vi reiser i mai, så eg kjem nok til å bruka litt tid på å lesa meg opp til turen, seier Bjørg.

Som formgjevingslærar, kjem ho nok til å "putla med slike ting" også på fritida. Bjørg liker å lesa, og ho har tre barneborn, så det manglar ikkje på fritidssyslar.

- No kan eg også lesa avisa om morgonen, i stadenfor om ettermiddagen. Vi har også hund. Hunden pleidde vera med mannen min på kontoret, men no kan han vera heime med meg og gå tur. Vi har også husvære i Spania. Eg ser ikkje bort frå at denne kan bli meir brukt på sikt, seier Bjørg.

Kjem til å bli sakna

Rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen, fortel at Bjørg kjem til å bli sakna og at ho har satt djupe spor etter seg.

- Bjørg har vore her sidan skulen var ny. Ho er den siste av dei som var med den gongen, som no gjev seg. Det er spesielt, seier Røttingen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Bjørg har jobba med spesialpedagogikk i lang tid. Ho har tålmod og evne til å sjå framskritt i sjølv dei minste situasjonar, i tillegg til at ho har vist stort tålmod med dei som slit med å lesa og skriva. Erfaringa som Bjørg har, er det ingen av oss andre som kan visa til. Heldigvis har ho vore flink til å vidareformidla og delt mykje kunnskap. Vi har brukt ho så godt vi kan, særleg den siste tida.

Hadde mange triks i ermet

- Kva tenkjer du om dei gode orda ho kjem med til kollegaar, og dei tre rektorane, inkludert deg?

- Det er veldig hyggeleg. Eg vil seia at for å vera gode leiarar, så treng vi gode medarbeidarar. Det er ein spesiell kultur på Kuventræ, der medarbeidarane er flinke til å støtta og dela med kvarandre. Det gjer det lettare å vera leiar, seier Røttingen.

Rektoren fortel at leiarane er avhengige av medarbeidarar som spelar dei gode. Bjørg var så absolutt ein av dei.

- Det er rart at ho ikkje er her lenger. Ho er blitt spurt til råds om mykje, og hadde alltid nokre triks i ermet. Det er mange som har fått mykje kunnskap frå Bjørg, som heldigvis skal jobba her i mange år vidare. Livet går alltid vidare, men eg kjem til å sakna Bjørg. Ho er ein hyggeleg og ikkje minst god person, seier Røttingen.