Politiet i Os ventar framleis på rapport frå krimteknisk etter undersøkingane på Raudholmane. (Arkivfoto)
Politiet i Os ventar framleis på rapport frå krimteknisk etter undersøkingane på Raudholmane. (Arkivfoto)

Politiet frigjev ikkje namnet

Familien til mannen som omkom i båtulukka i Os natt til sist måndag vil ikkje at politiet frigjev namnet.

Relativt tidleg etter båtulukka på Raudholmane vart det klart at dei tre som var om bord ikkje var frå Os. Så mykje meir om kven dei var, eller kvar dei kom frå, vil ikkje politiet i Os ut med.

- Me har heile vegen omtala dei som hordalendingar, og vil halda fram med det. Familiene til dei som var i båten har det tungt nok som det er. Me respekterer at ikkje vil ha meir merksemd, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis innlagd

Det var altså tre personar i båten som kolliderte med Raudholmane natt til måndag sist veke. Ein av dei omkom på staden, medan dei to andre vart innlagde på Haukeland Sjukehus.

- Han eine vart utskriven like før sist helg. Då fekk me også avhøyrt han. Han andre ligg framleis hardt skadd på Haukeland og er ikkje i stand til å bli avhøyrt, seier Hadler-Olsen.

- Andre medium har omtalt at dei tre er frå Sotra, er dette rett?

- Eg har sett det har vore skrive, men vil ikkje uttala meg om det, seier Hadler-Olsen.

Han avventar no rapport frå kriminalteknisk og blodprøveresultat før det vert noko vidare avklaring i saka.