Hans Marius Johnsen drog mellom anna i gang med Bob Dylans «All along the wathctower»
Hans Marius Johnsen drog mellom anna i gang med Bob Dylans «All along the wathctower»

Prikka inn rocke-formen

Hans Marius Johnsen spelte opp til fest då Instinct feira 45 år i Os laurdag.

Sentralt i feiringa var sjølvsagt evigunge Prikken (Steinar Bøe). Os' mest kjente kledeseljar har jobba på Instinct-butikken i Os sentrum i alle 45 åra.

- Steinar er ein institusjon. Me er sååå glade for å ha han med oss her framleis. Det ville ikkje vore det same, seier dagleg leiar Petter Hanøy, som sjølv har vore i firmaet i nær 40 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikalsk sal

For å markera jubileet, som på toppen av det heile innbefatta 60 årsjubieleum for heile kjeda som sådan, hadde Instinct-gutane fått med seg Øyanes mest aktive trubadur, Hans Marius Johnsen.

Plekter-haldaren frå Øyane stilte godt oppdressa for høvet og klinte til med nypressa akkustisk rock for høvet.

- Det er jo heilt fenomenalt å få ein kar som dette til å spela her i butikken. Eg kjenner rockefoten gå. No er det berre å eta kaffi, prata med kundane og kosa seg, slo ein stornøgd Hanøy fast.

Prikken koste seg med god musikk til arbeidet
Prikken koste seg med god musikk til arbeidet