(Arkivfoto).
(Arkivfoto).

Råkøyring i Hegglandsdalen

Det blei bøter og prikkar på to motorsyklistar som var for harde på gasspedalen i Hegglandsdalen torsdag kveld.

- Ein av dei fekk eit forenkla førelegg. Vedkomande køyrde i 67 km/t i 50-sonen. Det medfører 4.200 kroner i bot og tre prikkar. Den andre motorsyklisten køyrde i 74 km/t på det same strekket, og fekk 6.500 kroner i bot. Grensa for å mista lappen er 26 km/t over i 50-sonen, så det var nære på, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal og held fram:

- Vi får stadig opplysningar om at det blir køyrd for fort i Hegglandsdalen. Vi kjem til å halda fram med sporadiske kontrollar der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Båtar på rek

To båtar er funnen på rek i Os. Dyrdal fortel at om ein har mista båten sin, så kan ein ta kontakt med politiet. Det kan henda at dei veit kvar han er.

- Vi får stadig varslar om båtar på rek. Vi tek dei ikkje med inn, men syt for at dei er sett fast og fortøyd.