Bygget 50-årsjubilantane gjekk i, skal snart rivast. (Arkivfoto)
Bygget 50-årsjubilantane gjekk i, skal snart rivast. (Arkivfoto)

50 år etter at dei gjekk ut av ungdomsskulen, møtest dei til mimrefest

Dei var det aller fyrste kullet som gjekk ut av Fusa ungdomsskule i 1968.

Når om lag 70 jubilantar møtest til «reunion» i ungdomsskulens gymsal i morgon, startar dei sjølvsagt dagen, på ekte skulevis, med namneopprop.

Deretter fylgjer fotografering og «panel-mimiring».

Artikkelen held fram under annonsen.

Her deltek dei tidlegare rektorane Torstein Gunnarson og Jan Koldal (sistnemnde har også vore ordførar for Venstre), samt noverande ordførar Atle Kvåle og forgjengaren Hans Vindenes.

Begge desse gjekk ut frå ungdomsskulen i 1968, så det må ha vore ein sterk årgang.

– Alle fire har på sitt vis vore involverte i skulen si utvikling, seier ein forventningsfull kontaktperson for skulejubileet, Mette Holmefjord Olsen.

Ho meiner jubileumsfesten markerer slutten på ein æra.

– Bygget som det fyrste kullet gjekk ut frå, skal no erstattast med eit nybygg. Vi representerer dermed eit stykke skulehistorie, seier ho.

Etter fellessamlinga vert det omvisning på skulen og deretter festmiddag på Eikelandsfjorden samfunnshus.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no