For knappe to veker sidan opna salet på Dagfinn Lyngbø sitt show «Supersmud» som kjem til Oseana 8. og 9. desember. No er om lag alle billettar rivne vekk.
For knappe to veker sidan opna salet på Dagfinn Lyngbø sitt show «Supersmud» som kjem til Oseana 8. og 9. desember. No er om lag alle billettar rivne vekk.

Set opp to ekstraframsyningar

Billettane til Dagfinn Lyngbø vart rivne vekk. No vert det ikkje berre ei, men to ekstraframsyningar i Oseana.

For knappe to veker sidan opna salet på Dagfinn Lyngbø sitt show «Supersmud» som kjem til Oseana 8. og 9. desember. No er om lag alle billettar rivne vekk.

- Det har vore kø både i billettluka og på telefonen. Det er berre eit par rader med ledige billettar att på kvar av dei to framsyningane, og trøkket er framleis stort. Det er difor veldig kjekt at Stand Up Norge no set opp ikkje berre éi, men to ekstraframsyningar, kommenterer arrangementssjef Berit Steen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Steen trur folk må vera kjapt ute også til ekstraframsyningane dersom dei vil sikra seg billettar.

- Med tanke på kor fort dei fyrste to showa har seld, trur eg ikkje publikum bør venta for lenge. Vi har absolutt tru på at vi kan få til fire fulle hus med Dagfinn, og det kan gå fortare enn folk trur.