På scenen får Simen vist seg frå si kanskje best side. 21-åringen er verkeleg ei energi-bombe og ein flink entertainer.
På scenen får Simen vist seg frå si kanskje best side. 21-åringen er verkeleg ei energi-bombe og ein flink entertainer.

Simen satsar maks

Fredag lanserte han sin første EP. Søndag stod han på scenen i Oseana. 21 går gamle Simen Moesgård satsar no alt på å lukkast som artist.

Med EP-en lansert og den første store live-jobben bak seg, kunne lysluggen like over helga våga å ta ytterlegare eit nytt steg mot livet som musikkartist.

- Det sat langt inne, men no har eg altså laga eige artist-side på Facebook. Det kjendest litt sprøtt, men om ein skal lukkast med å koma nokon veg, må ein våga å satsa - og rett og slett, ja - selja seg sjølv, seier Simen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Får du deg eige artistnamn i same slengen?

- Nei, eller jo det blir rett og slett «Simen Moesgård» som i namnet mitt, ler han.

- Oppvarmar for ein annan frå området....SIMO før Kygo. Hadde ikkje det vore noko?

- Hehe, eg trur me held på Simen.

Mektig lydbilete

Norenesingen har opptredd ein del i Os også tidlegare, men innslaget under søndagens UKM-arrangement i Oseana, er det største han har gjort for å profilera eigen musikk.

- Det var eit kick å stå på ei så stor scene. Merk gjerne saka di med at det freistar å gjera igjen, humrar Simen.

Med ein solid last med backing-tracks i PA-anlegget og Kristoffer Karlsen på trommer og Eirik Skarding på synth, vart det eit mektig lydbilete når Simen fronta to eigne låtar søndag.

- Det er litt slik eg vil gjera det framover. Ein må nesten ha med seg litt backing-track for å få med heile lydbilete. Men det skal også spelast live. Kristoffer og Eirik vert nok med meg på den biten framover, seier Simen om kompisane frå Nore Neset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finansierar sjølv

Hans ferske EP er no tilgjengeleg på brorparten av straumetenestene for musikk.

"Minialbumet" inneheld fire låtar.

- Alle er spelt inn hos Thomas Tomtom Haugland i hans studio på Verftet i Bergen. Han er veldig flink, og har mykje av æra for det flotte lydbiletet som låtane no har, forklarar Simen.

Det neste vert å laga musikkvideo.

- Eg har planar om å laga video til den eine låten me framførte i Oseana, «Du Og Jeg». Eg har vore i kontakt med eit produksjonsselskap i Bergen. Eg håpar me får det til ganske snart.

- Du finansierar det meste sjølv. Korleis får du råd til dette?

- Det er ikkje verre enn at eg jobbar mykje. Når eg ikkje driv med musikk, så er eg på jobb. Når eg er på jobb, tener eg pengar. Pengane brukar eg på musikken, så enkelt er det, smiler Simen, som til dagen jobbar på MX-Sport på AMFI Os.

Lokale sponsorar

Sjølv om han ikkje akkurat høyrest ut som den jamne osing, så er Simen stolt av å koma frå bygda. Så stolt at han gjerne fremjar det lokale næringslivet på vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har nokre "sponsorar" som har hjelpt meg fram så langt. Til dømes lét Jeanett Kallekleiv meg nytta klærne hennar under konserten i Oseana. Ho var nær sagt stylisten min, humrar Simen.

I tillegg har han brukt Silje Lepsøy som fotograf for bileta som framover skal promotera EP-en.

- Så langt det lèt seg gjera, ønskjer eg å gjera ting i Os. Dette gjeld også det å opptre. Mitt neste mål no er å få til ein heilaftans konsert her i bygda. Neste steg etter det blir å venda nasen mot Bergen, seier Simen.

- Men rykta vil ha det til at det er austlendingane som til no har kicka mest på musikken?

- Ja, det er litt pussig. Eg kjennar ingen austpå, men tala så langt viser at det er dei som har lytta mest til meg på Spotify og Itunes, konstaterer Simen.