Erlend Jostein Wåtevik er vald til ny styreleiar i Aquality AS.
Erlend Jostein Wåtevik er vald til ny styreleiar i Aquality AS.

Skiftar namn til Aquality AS

Grunna konflikt med eit tidlegare registrert varemerka skiftar Osverksemda Aquili Circle AS namn til Aquality AS.

- Me prøvde å finna hjelp til nytt namn sjølv, men fann ut at me trong profesjonell hjelp og gav oppdraget til Picapoint Studio AS. Dei har no hjelpt oss med å finna nytt namn, samt nye heimesider, profilering, marknadsmateriell og ny profil for oss, heiter det i eit presseskriv frå Aquality AS.

Ny styreleiar

Firmaet, som har base i Hegglandsdalen, har også fått ny styreleiar. Den nye styreleiaren er Erlend Jostein Wåtevik. Han vart vald inn under ein ekstraordinær generalforsamling 18. november i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Erlend treng ingen vidare presentasjon for folk som er i bransjen. For andre kan me seia at han har lang erfaring innan reinsefisk, samt utvikling og produksjon av fôr. Han jobbar i dag som konsulent for oppdrettsnæringa gjennom sitt eige selskap EWA Consluting, heiter det i pressemeldinga frå Aquality AS.