Stian Smørholm frå Dead To This World. Han er også mannen bak platesekslapet Edged Circle Productions, og tidlegare bassist i Immortal.
Stian Smørholm frå Dead To This World. Han er også mannen bak platesekslapet Edged Circle Productions, og tidlegare bassist i Immortal.

Spanande Fusa-band frå den musikalske undergrunnen

Fleire Fusa-band er i ferd med å koma opp frå "undergrunnen". - Statistisk sett er det "unormalt" med så mykje kvalitet frå ein så liten stad, seier Stian Smørholm.

Benjamin Søgnen Olsen

benjamin@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fusa hadde nokre metal-band på 90-talet, men dei siste åra har det vore stilt. No har det kome fleire nye og spanande band, som bunner i undergrunnsmusikk-stilen, seier Smørholm.

Han står bak plateselskapet «Edged Circle Productions» frå Strandvik. Selskapet distribuerer dei fire Fusa-banda Inculter, Sepulcher, Reptilian og Dead To This World over heile verda. Smørholm spelar sjølv i thrash/death-metal-bandet Dead To This World, som har gjeve ut to album.

Haustar god kritikk

Metal-miljøet i Fusa er ikkje så stort som det kan sjå ut til ved første augekast. Dei fire banda består av ein samansveisa gjeng, der nokre av dei er aktive i fleire av banda.

Inculter sleppte sitt første album i år, og haustar god kritikk frå blant anna musikkjournalist i NRK P3, Asbjørn Slettemark. F.v. Remi André Nygård, Even Bakke og Cato Bakke.
Inculter sleppte sitt første album i år, og haustar god kritikk frå blant anna musikkjournalist i NRK P3, Asbjørn Slettemark. F.v. Remi André Nygård, Even Bakke og Cato Bakke.
Reptilian kjem med sitt første album seinare i år. F.v. Daniel Tveit, Cato Bakke, Bård Inge Nygård og Andreas Fosse Salbu.
Reptilian kjem med sitt første album seinare i år. F.v. Daniel Tveit, Cato Bakke, Bård Inge Nygård og Andreas Fosse Salbu.
F.v. B, T, S og N.
F.v. B, T, S og N.

- Dei er ein gjeng ungdomar i alderen 17-22 år, som har vakse opp i lag. Eg er mykje eldre enn dei, smiler Smørholm og legg til:

- Dei er forholdsvis unge, men dei starta å spela tidleg, så dei er langt frå nybyrjarar.

Smørholm vil trekkja fram Inculter som det største av Fusa-banda per no.

- Dei sleppte debutalbumet i år, og har hatt ein singel i omlaup ei stund, som har hausta god kritikk, seier han.

Inculter har fleire spelejobbar framover, og skal blant anna varma opp for bergens-bandet Enslaved i Oseana i haust. Ein av dei somkarakteriserer thrash metal-bandet som lovande, er musikkjournalist i NRK P3, Asbjørn Slettemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avhengige av godt kontaktnett

Reptilian (death metal) og Sepulcher (thrash metal) kjem med debutalbuma seinare i år. Smørholm har stor tru på alle banda, men det er ikkje berre berre å slå gjennom i dag.

- Det finst så mange band i dag, og ein er avhengig av gode kjelder i miljøet for å nå opp og fram, seier han.

Dei unge fusingane dreg nytte av kjeldene Smørholm har frå eit langt liv innan musikken. Han har vore aktiv i undergrunnsmusikken sidan 1988, og frå 1999-2002 hadde han musikken som levebrød, som bassist i det verdskjende bandet, Immortal, med lysefjording Olve "Abbath" Eikemo i spissen.

- Korleis var det å vera del av Immortal?

- Det var ei fantastisk oppleving, og eg hadde musikken som leverbrød. Baksida var veldig mykje reising, som gjorde det slitsamt. Det var noko av grunnen til at eg valte å gje meg i 2002, men eg ønskte også å gjera noko for meg sjølv. Me skildes som venar, seier Smørholm.

Metal-musikk sel godt

Plateselskapet har ein internasjonal profil. Hovudsete for selskapet er i Strandvik, men heimesida er på engelsk, og promoteringskontoret ligg i New York. Førebels er det ikkje mange utanlandske bookingar som tikkar inn. Dels fordi eit par av banda har til gode å gje ut ei skive, og dels fordi dei ikkje har fått vist seg nok fram enno, fortel Smørholm.

Platesalet er ikkje som det ein gong var grunna alle dei digitale musikktenestene som finst. Men det gjeld ikkje i like stor grad for metal-musikk.

- Det er ein av få sjangrar kor fansen sver til fysisk format. Blir ein først bitt av metal-musikken, så held ein ved det til grava. Det er ein veldig dedikert fanskare, seier Smørholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit nytt Immortal?

- Trur du at eit av desse banda kan oppleva like stor suksess som Immortal?

- Det kan henda. Men utviklinga skal skje i kontrollerte former. Me jobbar med kjelder som eg har jobba med i mange år, som me veit er til å lita på. For om ein sit på eit produkt som ser ut til å ha ei lysande framtid, kjem det mange aktørar som er ute etter å få ein del av kaka, seier Smørholm.

Den tidlegare Immortal-bassisten håpar på eit langt og godt samarbeid med musikarane frå Fusa.

- Me er nøgde med dei, og det verkar som at dei er nøgde med jobben me gjer for dei. Me bur så nært kvarandre at me kan ringa på døra om det er noko me lurer på, og slepp styret med e-post-utveksling og tidsforskjell, blant anna. Me spelar med opne kort og håpar på eit langt og godt samarbeid.