Anderz Eide er i desse dagar aktuell i den svenske dramaserien Svartsjøen. (Pressefoto)
Anderz Eide er i desse dagar aktuell i den svenske dramaserien Svartsjøen. (Pressefoto)

Spelar småkriminell scootermekkar

I desse dagar er fusingen Anderz Eide aktuell i TV3-serien «Svartsjøen». - Rollefiguren min er ikkje mors beste barn, seier Eide.

I Sverige og Danmark hadde serien premiere i fjor haust. I Noreg kom den skandinaviske storsatsinga først på TV-skjermen førre torsdag. Serien går over åtte episodar denne vinteren.

Serien handlar i korte trekk om pappaguten Johan frå Stockholm, som reiser til Svartsjøen for å gjenopna eit gamalt skianlegg som av ulike grunnar vart nedlagt for 20 år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hålandsdølen Eide spelar den eldste av to mekanikar-brødre som driv og mekkar på snøscooterar i garasjeanlegget tilhøyrande skisenteret.

I rollen som Dag gjer Eide det han kan for å sabotera for Johan og dei andre ungdomane som har funne vegen til skisenteret.

Forutan Eide står mellom andre Nils Ole Oftebro, Odin Waage (Sammen, Halvbroren), Sarah-Sofie Boussnina (Broen) og den yngste sonen til Stellan Skarsgård, Valter, på rollelista.

Anderz Eide spelte også i dramaserien Frikjent.
Anderz Eide spelte også i dramaserien Frikjent.

- Eg var den nest eldste skodespelaren på settet. Plutseleg var eg ein av dei gamle. Det var litt spesielt, kommenterer 41-åringen.

Blandingssjanger

Av serieskaparane vert serien omtala som ein klassisk Agatha Christie-krim med norsk natur og ein ung skandinavisk rollebesetning.

Blant kritikarane er oppfattinga noko annleis.

Morten Ståle Nilsen i VG meiner serien spelar vel så mykje på seksuelle intriger som på tradisjonelle grøsseringredienser.

Anderz kallar serien rett og slett for horror i skiheimen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Serien famnar breitt. Det liker eg godt. I tillegg skjer det mykje på fleire plan, så serien er absolutt innhaldsrik, understrekar skodespelaren frå Eide i Hålandsdalen.

Om sin eiga karakter, seier han dette:

- Eg spelar ein storebror som i tidleg alder fekk nærast eit slags faderleg ansvar for veslebroren sin, Jostein. Karakteren min er slett ikkje mors beste barn, men for veslebroren sin ville han offra alt.

Fleksibelt tilvere

Innspelinga av «Svartsjøen» fann stad i Nord-Sverige og i Stockholm i fjor vår.

- Først var me i Nordland i eit område på høgde med Mo i Rana og gjorde utescenane. Deretter var me i eit studio i Stockholm og gjorde innescenane. Det siste skal eg lova det var varmt. I full vinterkledning i eit varmt studio i mai månad, ler Eide.

Han trivst elles svært godt som frilansar og fleire nye oppdrag er aktuelle.

- Eg har gjort nokre selftapes-søknader no i det siste, så me får kryssa fingrane og sjå om me ikkje får napp.

- Du er mobil?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, det må ein vera i denne bransjen. Eg tek jobbar både i Noreg og utlandet. Einaste kriterium er at det passar for den øvrige familie, seier tobornsfaren.

Sambuar Laila Goody er for tida aktuell i Valkyrien på NRK.

- Me må vera fleksible når me er to skodespelarar som bur i lag, men det brukar å ordna seg slik at begge kan seia ja til dei prosjekta me ønskjer å vera med på. Mykje takk vere ei kjekk svigermor som ofte kjem hit til Oslo og passar borna når Laila og eg er på farten, fortel Eide.