Julie Bergan er nominert i kategorien for «Årets låt» under Spellemannsprisen laurdag. (Privat foto)
Julie Bergan er nominert i kategorien for «Årets låt» under Spellemannsprisen laurdag. (Privat foto)

Spellemannspris-aktuelle artistar klare for Osfest

Laurdag vert dei begge å sjå på Spellemannsprisen i Oslo. I august er Julie Bergan og Unge Ferrari klare for Osfest.

Osfest-general Tor Egil Hylland hevdar å ha dei fleste namna klare for årets Osfest. I dag slepp han dei to første namna. Begge spelar på ungdomskvelden fredag 11. august.

- Med dette er me i gang med å sleppa årets artistar til Osfest. Julie Bergan og Unge Ferrari er to artistar som skal passa veldig bra for vårt noko ungdommelege program for fredagen, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nominert for årets låt

Julie Bergan har for lengst bevist at ho er ein vokalist og låtskrivar i verdsklasse. Hennar eineståande evne til å engasjera med catchy hooks har gjort sitt til at 22-åringen har oppnådd 90 millioner streamingar av låtane sine.

I fjor sommar følgde Bergan opp sine to første hitar («All Hours» og «I Kinda Like It») med «Arigato». "Bangaren" frå i fjor sommar klatra heilt til topps på dei norske listene og er no nominert til årets låt under Spellemannsprisen komande laurdag.

Skien-artisten skal også opptre på laurdagens Spellemannsshow i Oslo.

Unge Ferraris siste singel er nominert til årets låt på P3 Gull. (Privat foto)
Unge Ferraris siste singel er nominert til årets låt på P3 Gull. (Privat foto)

Nominert på P3 Gull

Unge Ferrari debuterte med albumet «Til Mine Venner» i 2015. Same år vart han nominert til «Årets nykomar» på P3 Gull.

I 2016 følgde Unge Ferrari opp med ein omfattande nordisk turné, der han mellom anna også var support-artist for den svenske rap-stjerna Silvana Imam.

Men mest lagt merke til vart han nok då han gav ut EP-en «Hva Er Vi Nå»//H.E.V.N.» i lag med Tomine Harket. Låten er i år nominert til årets låt på P3 Gull.