Lisbeth Halhjem (i midten) styrer arrangementet fredag. Mødrer med babyar er inviterte til buavdelinga, og dei eldre gler seg skikkeleg til å få helsa på. Frå venstre – Henriette Grindeland, Lisbeth Halhjem og Toril Øysteinsen.
Lisbeth Halhjem (i midten) styrer arrangementet fredag. Mødrer med babyar er inviterte til buavdelinga, og dei eldre gler seg skikkeleg til å få helsa på. Frå venstre – Henriette Grindeland, Lisbeth Halhjem og Toril Øysteinsen.

Gjer klart for baby-innrykk på Luranetunet: – Bebuarane gler seg stort til babybesøk

Barselgrupper over heile landet blir oppmoda til å vitja sjukeheimar. Fredag blir det storinnrykk av born på buavdelinga på Luranetunet.

– Då eg var ute i permisjon i fjor, blei eg med i ei gruppe på Facebook som heiter Mødre i Os 2018. Der var det ei som la ut eiNRK-sak om besøksbabyar på sjukeheimar, og lurte på om det var eit tilbod i Os, eller om nokon ønskte starta eit tilbod, fortel Lisbeth Halhjem, som jobbar på buavdelinga på Luranetunet.

Minst ti som møter fredag

Dette har no blitt Halhjem sitt prosjekt på buavdelinga, og fredag kjem mødrer og born på besøk til bebuarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er førebels ti mødrer som på Facebook-gruppa har sagt at dei kjem med ungane sine. Om det er fleire som ønskjer å vera med, er det berre til å stilla på buavdelinga klokka 11 fredag, seier Halhjem og smiler.

Veit at dette blir populært blant bebuarane

Barselgrupper på sjukeheimar skal ha blitt populært. Halhjem ser føre seg at dette kan bli eit månadleg treff på Luranetunet.

– Det er heilt sikkert fleire avdelingar som kan tenkja seg å få besøk. Vi er ikkje redde for at for mange mødrer med born skal melda seg. Det kan vera greitt å rullera litt, og som nemnd, er det nok fleire enn buavdelinga som vil ha besøk.

At bebuarane synest det er kjekt med born på besøk, har dei alt fått stadfesta.

– Vi veit at bebuarane set pris på babybesøk. Når det er born på besøk som spring rundt og ler, så gjer det noko med dei eldre som bur her, seier Halhjem.

Etter at Os & Fusaposten snakka med Halhjem tysdag ettermiddag, fekk bebuarane beskjed om opplegget fredag.

– Dei blei så glade, og dei ser fram til fredag. Vi håpar at dette kan bli eit fast treff. Borna treng ikkje vera her lenge. Det er nok med ein kjapp tur innom.