Christoffer Hafsås skaffa straffe, som han sjølv sette sikkert i mål.
Christoffer Hafsås skaffa straffe, som han sjølv sette sikkert i mål.

Hafsås sikra eitt poeng

To Os-spelarar skåra i dag, men berre ein av dei sette ballen i rett mål.

Den første omgangen på Kuventræ var lite å skriva heim om. Etter halvtimen spelt, kom Os-spiss Christoffer Hafås seg til ein brukbar sjanse. Os-kaptein Marius Mikkelsen heada ballen inn i boksen etter ein langpasning, og Hafsås kjempar seg gjennom og får akkurat avslutta, men ballen gjekk til corner. Kort tid etter er Haugesund 2 farleg frampå etter at ein upresis pasning frå Divaldo Cardoso blei snappa opp på midtbanen. Bortelaget kom raskt med tre mann, men avsluttinga gjekk høgt over mål.

Skaffa straffe og skåra

Haugesund 2 har hatt ein trøblete vårsesong og stod med berre fem poeng før dei kom til Os i dag. Kort tid etter pause stod dei med åtte poeng, i alle fall i halvanna minutt. Innlegget frå venstresida trefte brystet til Knut Spangelo Haga, før ballen gjekk vidare bort i hjørnet bak keeper Anders Fossen Lunde. Eit sjølvmål av venstrebacken til Os. Som nemnt var det ikkje lenge bortelaget stod med åtte poeng. Hafsås blei spelt fri og gjorde resten sjølv. Først blei han takla og skaffa straffespark, som han sjølv skåra på. Eit kvarter seinare var same mann frampå. Eit flott innlegg frå banens beste, Rafael Villen, trefte hovudet til ein umarkert Hafsås. Diverre for Os, var ikkje headingen god nok. Kort tid etter blei Hafsås byta ut. Inn kom Thomas Fosen Lunde. Etter berre eitt minutt på banen kom han seg til ein sjanse, men keeper var med på notane.

Artikkelen held fram under annonsen.

På oppsida av tverrliggjar

Haugesund 2 klarte ikkje skapa noko særleg på Os i dag, men etter 72 minutt kjem plutseleg Johnny Per Buduson stormande mot Os-målet. Fossen Lunde, som har hadde lite å gjera gjennom kampen, redda avslutninga med beina. Etter 78 minutt var Os frampå igjen. Høgreback Torkel Hjertnes skar innover frå høgre og avslutta frå kring hjørnet av 16-meteren med venstrefoten. Ballen gjekk mot det bortre hjørnet, men diverre måtte høgrebacken sjå at ballen pakka på oppsida av tverrliggjar og ut.

– Det hadde vore herleg å få den i mål. Eg plar treffa på dei der, i alle fall på trening, seier Hjertnes.

Ikkje fair play

Etter det skjedde det ikkje mykje. Os pressa på, men kom ikkje til dei heilt store sjansane. Mikkelsen stussa eit innlegg utanfor om lag ti minutt før slutt, men nærare kom ikkje heimelaget. På overtid oppstod det ein situasjon på ein dødball. Os hadde flytta opp godt med folk. Då Spangelo Haga slo ballen inn i boksen, gjekk Villen ned for teljing med hendene framfor ansiktet. Dommaren reagerte ikkje, men det gjorde Villen. Etter kampslutt storma han mot Haugesund-spelaren som han meinte hadde slått han i ansiktet. Til Os & Fusaposten seier Villen at Haugesund-spelaren innrømma at han gjorde det med vilje, og at han sa han ønskte å vinna, og at det var difor han gjorde det.

Os-back Torkel Hjertnes var centimeter frå å skåra, men ballen trefte tverliggjar.
Os-back Torkel Hjertnes var centimeter frå å skåra, men ballen trefte tverliggjar.
Os-trenar Hassan El Fakiri fekk kjeft av dommaren då han kontinerleg instruerte spelarane medan han varma opp.
Os-trenar Hassan El Fakiri fekk kjeft av dommaren då han kontinerleg instruerte spelarane medan han varma opp.
El Fakiri fekk ti minutt på banen i dag.
El Fakiri fekk ti minutt på banen i dag.
Rafael Villen blei liggjande etter å ha blitt slått i ansiket.
Rafael Villen blei liggjande etter å ha blitt slått i ansiket.
Dommaren såg ingenting, til Villens store fortvilelse.
Dommaren såg ingenting, til Villens store fortvilelse.

– Slikt gjer ein ikkje. Det er ikkje fair play, seier Villen, som nok ein gong blei kåra til dagens osing.

– Vi spelte ikkje så godt i dag. Vi har kontroll på kampen, men vi skapar ikkje så mykje sjansar som vi plar gjera på heimebane. Vi burde ha vunne, men det gjekk ikkje i dag, seier Villen.

– Skulle hatt tre poeng

Os hadde grunna mange skadar, få innbytarar. Os-trenar Hassan El Fakiri fekk seg eit minutt mot Herd sist. I dag spelte han ti minutt.

– Eg held meg i gong. Vi slit litt med skadar. Nokre er langtidsskadd, og Kanestrøm slit med akillesen, noko han har gjort i lang tid. Vi håpar at Endre Brenne er tilbake til neste kamp, seier El Fakiri.

Også han meiner at laget skapte mindre enn normalt på heimebane i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men vi skulle hatt tre poeng i dag. Det er mange i troppen som ikkje har fått noko skikkeleg oppkøyring til sesongen. Vi må berre halda fram med å jobba, så blir vi berre sterkare og sterkare, seier El Fakiri.