Andreas Søfteland (t.h.) tok ein tredjeplass i eit regionalt meisterskap i motbakkeløp - i Spania.
Andreas Søfteland (t.h.) tok ein tredjeplass i eit regionalt meisterskap i motbakkeløp - i Spania.

Imponerte stort i Spania

Andreas Søfteland måtte klatra forbi haugevis med spanjolar for å ta plass på pallen i sitt første Vertical-løp, men det klarte han fint.

– Eg trudde at det var fellesstart som vi plar å ha i Noreg, men det viste seg at det var intervallstart. Dei beste starta i ei elitegruppe, og dei hadde eitt minutt mellom kvar mann som starta. Eg hamna i ei useeda gruppe, kor det berre var eit halvt minutt mellom kvar deltakar og nivået var ein del svakare – så eg måtte koma meg forbi mange på veg opp. Det var ikkje heilt enkelt på alle stader og eg blei liggjande bak litt for lenge ved nokre tilfelle, seier Søfteland, som tok ein imponerande 3. plass – eitt sekund bak mannen framfor.

– Eg plar ikkje seia slik som dette, men om eg hadde fått starta i elitegruppa og sleppt å måtta passera så mange – ville eg nok kome i mål som nummer to. Vinnaren var 28 sekund framfor meg. Eg ville nok ha nærma meg han, men eg kan ikkje seia at eg hadde teke han også, seier Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regionalt meisterskap

I eit Vertical-løp skal løypa stiga til minimum 1.000 høgdemeter på kortast mogeleg distanse.

– Det skal vera brattast mogeleg. Denne løypa var rett over 1.000 høgdemeter og totalt 3,6 kilometer. Det var tilfeldig at eg kom over løpet i det heile. Vi var på treningsleir med Opptur i Spania. Eg og sambuaren min blei igjen i nokre dagar då eg tilfeldigvis kom over løpet. Eg fekk meldt meg på rett før tidsfristen gjekk ut. Det viste seg at det var eit større arrangement enn eg først trudde. Det var eit regionalt meisterskap i motbakkeløp, så folk reiste dit for å ta del i det. Det var eit bra arrangement, seier Søfteland som har lagt ut bilete av premien han fekk.

– Den var stilig. Det er ein del av premiane ein får som ikkje er av det kaliberet, for å seia det slik, så å få ein så tøff premie, var kjekt.

Andreas Søfteland (t.h.) tok ein tredjeplass i eit regionalt meisterskap i motbakkeløp - i Spania.
Andreas Søfteland (t.h.) tok ein tredjeplass i eit regionalt meisterskap i motbakkeløp - i Spania.
Andreas Søfteland (t.h.) tok ein tredjeplass i eit regionalt meisterskap i motbakkeløp - i Spania.
Andreas Søfteland (t.h.) tok ein tredjeplass i eit regionalt meisterskap i motbakkeløp - i Spania.
Andreas Søfteland (t.h.) tok ein tredjeplass i eit regionalt meisterskap i motbakkeløp - i Spania.
Andreas Søfteland (t.h.) tok ein tredjeplass i eit regionalt meisterskap i motbakkeløp - i Spania.

Trent godt i vinter

At han hamna blant dei aller beste i Vertical-løpet, kom litt overraskande på Søfteland.

– Oppladinga var ikkje perfekt sidan eg kom rett frå treningsleir og ikkje hadde det store overskotet. Men det er kjekt å gjera eit så godt løp. Eg har trent godt i vinter, og det er kjekt å få stadfesta at forma er god, seier han.