Os-kaptein Marius Mikkelsen skåra for Os mot Fyllingsdalen 2 i serieopninga. Det gjorde også Sander Fagerbakke Kvittingen, men to mål var ikkje nok til poeng.
Os-kaptein Marius Mikkelsen skåra for Os mot Fyllingsdalen 2 i serieopninga. Det gjorde også Sander Fagerbakke Kvittingen, men to mål var ikkje nok til poeng.

Karl Kvile om serieopninga: – Det er direkte flaut

Os vann andreomgang, men står med null poeng etter sesongopninga i 4. divisjon i dag.

Os var overlegne då dei møtte Austevoll i kvalifiseringa til Noregsmeisterskapen førre veke, i ein kamp dei vann 4-0, men dei fekk det tøft i sesongopninga borte mot Fyllingsdalen 2 måndag kveld. Heimelaget tok leiinga på dødball etter vel 17 minutt, før dei dobla leiinga på ei kontring etter 24 minutt. 2–0 stod det også til pause. Andreomgang starta på verst tenkjeleg vis. Heimelaget gjekk opp i ei 3-0-leiing etter eitt minutt. Då vakna Os. Sander Kvittingen, som kom inn mot slutten av førsteomgang reduserte, før kaptein Marius Mikkelsen sytte for nok ei redusering etter 52 minutt. Os køyrde kampen, og fekk mellom anna eit mål annullert, men dei klarte ikkje å få med seg poeng frå sesongstarten.

– Det er flaut og pinleg. Det er det dårlegaste vi har prestert sidan eg tok over. Eg veit ikkje kvifor. I førsteomgang var det fryktelege personlege feil og lågt balltempo. Vi gjorde byter tidleg. Det var ikkje fordi nokon blei skada. Det var fordi vi var direkte dårlege og måtte gjera noko, seier Kvile før han held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ingenting før kampen som tyda på at vi skulle gjera ein kamp som dette. Det var ingenting som tyda på at vi skulle liggja under 2–0 til pause og gjera ein idiottabbe i starten av andreomgang og hamne under 3–0.

– Må slutta å masa om opprykket

– Er det noko positivt å ta med seg frå sesongopninga?

– Ja, at vi ikkje gjev heilt opp. Vi kjem tilbake og gjev dei kamp heilt ut. Vi var klart best mot slutten av kampen og pressa på for utlikninga som vi aldri fekk. Men først og fremst er det utruleg skuffande at vi set oss i ein situasjon at vi ligg under 3-0, seier Kvile.

Sjølv om det blei tap i første seriekamp, vil ikkje Kvile laga storm i eit vassglas.

– Det er sannsynleg at vi uansett kom til å tapa ein kamp eller to i løpet av sesongen. No har vi brukt opp eit tap i første seriekamp. Det var ikkje opprykkstoget som gjekk no, seier Kvile, som er lei av at folk snakka som om at Os alt er klare for 3. divisjon neste sesong.

– Eg er lei av at folk masar om opprykket, og snakkar som om vi alt har rykkja opp. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen, det er 20 prosent sjanse for at vi rykkjer opp. Tala lyg ikkje. Statistikken seier det. Det kan godt vera at vi klarer det, men om vi spelar som dette kjem vi aldri til å klara det. Vi skal ikkje grava oss ned

Må sjå framover

Os fekk to gode opplevingar i NM etter å ha slått ut 3.divisjonslaget Stord og første runde, og 4.divisjons-kollega Austevoll i andre runde.

– Det er kjedeleg å gjera ein så dårleg kamp i første serierunde, men vi kan ikkje tenkja på det. Vi må læra av det og halda fram med å jobba. Neste kamp er neste mål. Det er den viktigaste. Eg er ikkje bekymra for sesongen etter å berre ha spelt éin kamp, seier Kvile.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag får Os ein ny sjanse til å ta sesongens første poeng. Då kjem Lyngbø på besøk på Kuventræ. Kampen startar klokka 15.00. Det er snakk om tre tapte poeng. Ikkje noko meir.