- Vi er langt unna maksnivået, men dette kjem til å bli kjempebra når relasjonane sit betre, seier trenar Ruben Hetlevik trass motgang i starten av sesongen.
- Vi er langt unna maksnivået, men dette kjem til å bli kjempebra når relasjonane sit betre, seier trenar Ruben Hetlevik trass motgang i starten av sesongen.

Reagerer på behandlinga frå dommarane

For andre gong denne sesongen, blei Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik sendt på tribunen.

– Eg meiner det var ein sakleg tone i dialogen mellom oss, og eg ønskte berre å få vita kva som var årsaka til at eg fekk tilsnakk, seier Hetlevik og held fram:

– Tilbakemeldinga var at eg ikkje måtte skrika så høgt og ikkje veiva så mykje med armane. Svaret gjer meg berre meir frustrert, for kva tyder det? Dei meinte eg hadde gjort dette tre gonger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Linjedommaren viste Hetlevik ut

Først reagerte Hetlevik då ein Fana-spelar, med gult kort, takla ein Lysekloster-spelar og øydela ein potensielt stor mogelegheit, då heimelaget kom i overtal. I denne situasjonen var Lysekloster-trenaren tydeleg irritert og oppe med peikefingeren i ansiktet til linjedommaren.

– I den situasjonen var eg nok litt provoserande, men dommaren nemnde ikkje dette tilfellet, seier Hetlevik.

Etter den same taklinga som nemnd over, får Hetlevik etter kvart beskjed om å setja seg ned og telja til tre, noko han etterkom. Halvtanna minutt seinare, skrik Hetlevik «Hei», etter ein annan situasjon. Då hadde linjedommaren fått nok.

– Det var linjedommaren som ropte til dommaren at han måtte visa meg bort. Vi snakka på førehand om at vi ikkje skulle fokusera på dommarane. Det gjorde vi ikkje heller. Eg var ikkje ute i teknisk sone før den første hendinga. Eg meiner at begeret var fullt før kampen starta når det gjeld deira toleranse overfor meg.

Ser mykje positivt å jobba vidare med

Vidare fortel Hetlevik at dommarane gjorde ein grei kamp, men er usamd i vurderingane i nokre matchavgjerande situasjonar. Han meiner mellom anna at det skulle ha vore raudt kort til Fana-spelaren då han stoppa den omtalte overgangen.

– Thorvald (Trætteberg journ.mrk.) fekk gult for ein liknande situasjon, berre at vår situasjon var potensielt ein mykje større sjanse. Vi blir også snytt for eit klart straffespark, då Denis (Ljubovic journ.mrk.) blei tatt. Det viser videoopptaka, meiner Hetlevik.

Trenaren er klar på at han og spelarane er frustrerte over starten dei har fått på sesongen, og at det ikkje er dommarane åleine sin feil at dei tapte.

– Eg ser mykje positivt på dei to første tredjedelane av banen, men det stoppar opp på siste tredjedel. Det er nok eit samansett problem. Vi har mykje skader, og vi har ikkje fått sett laget enno. Dette kjem til å bli kjempebra når relasjonane sit betre. Det er no tre kampar på rad der vi ikkje har fått vist det vi så sterkt ønskjer å visa. Vi er langt unna maksnivået, men vi kjem til å koma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reagerer på Håland-utspel

Det har ikkje gått Lysekloster-trenaren hus forbi at Ørjan Håland meiner at dei to er i same båt. Håland sikta til at det har vore store utskiftingar i begge laga, og at han såleis kjenner til korleis situasjonen til Hetlevik og Lysekloster er.

– For meg er det merkeleg at han meiner noko om oss. Han veit ikkje noko om vår situasjon, og vi kjenner ikkje hans situasjon. Vi har fått 15 nye spelarar. Det spelar inn kva tid spelarane kom også. Vi signerte seks-sju spelarar i slutten av mars. Vi har ulikt ambisjonsnivå og skadesituasjonen er ulik. Difor meiner eg at det er tull at vi skal uttala oss om andre lags situasjonar, seier Hetlevik.