Madelen Holme, nummer fem frå venstre bak, Vilde Drange Veglo og Malin Ludvigsen, nummer ein og nummer tre frå venstre på fremste rad, har vore del av Statoil Landsdelssamling i Østfoldhallen.
Madelen Holme, nummer fem frå venstre bak, Vilde Drange Veglo og Malin Ludvigsen, nummer ein og nummer tre frå venstre på fremste rad, har vore del av Statoil Landsdelssamling i Østfoldhallen.

Siste hinder før eventuelt landslagsuttak

Osingane Vilde Drange Veglo, Madelen Holme og Malin Ludvigsen er aktuelle for landslagsplass.

Den siste veka har Statoil Landsdelssamling blitt arrangert i Østfoldhallen. Først med ei samling for jentene og deretter gutane. Statoil Landsdelssamling er siste hinder før eit eventuelt landslagsuttak for landets beste 15- og 16-åringar. Av jentene som er på samlinga, er heile tre frå Os.

– Eg forventa at det kom til å vera høgt nivå, med mange dyktige fotballspelarar. Å møta andre spelarar som er like gode og betre på nokre område, gjer at vi hevar oss også. Opphaldet gjer meg betre på struktur og det å vera sjølvstendig, seier Madelen Holme, som spelar for Sandviken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Modell med tre hovudintensjonar

Vilde Drange Veglo set også pris på samlinga ho har vore på.

– Eit høgt nivå på trening og kamp gjev referanse på kor eg ligg i forhold til dei andre i mitt årskull. Det var eit kjekt og lærerikt opphald, og eg fekk ny input som eg kan ta med meg heim i treningskvardagen, seier Drange Veglo.

Totalt var det 100 jenter og gutar på samlinga. Felles for dei, er at dei har overbevist mange på sin veg før dei kom til samlinga.

– Først har dei prestert godt i klubb. Deretter har dei gått frå sonelag via kretslag og hit. No er neste steget å slå seg inn i ein landslagstropp, fortel Håkon Grøttland, fagansvarleg for landslagsskulen i NFF.

– Modellen har tre hovudintensjonar. For det første å vera ein referanse- og stimuliarena for våre aller beste spelarar. For det andre å vera ein arena kor ein kartleggj inn mot aldersbestemte landslag, og gjennom dei ulike nivåa skal vi finna spelarar som er best eigna til å spela landskampar. For det tredje er det også ein skuleringsarena inn mot landslag, slik at når ein spelar sine første landskampar, har ein nokre år med felles skulering og ryggsekken trass i at ein kjem frå ulike klubbar.