Gutane frå Os ungdomsskule tok seg heilt til finalen i skulecupen der det blei tap for Skranevatnet.
Gutane frå Os ungdomsskule tok seg heilt til finalen i skulecupen der det blei tap for Skranevatnet.

Surt finaletap for Os ungdomsskule

Gutane til Os ungdomsskule tok seg heilt til finalen i skulecupen, som diverre enda med tap.

Vel 20 gutar har bidrege fram mot finalen. På finalen på Nymark mot Skranevatnet skule var 18 gutar med. Os møtte eit godt fotballag, fortel lærar og trenar, Torstein Hermansen.

– Det var surt å tapa finalen, men samstundes er det bra av gutane å ta sølvet. Det er nok ikkje noko gutane klarer å gle seg over nett no, men det kjem. Dei tok tapet med fatning sjølv om dei naturleg nok var skuffa, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk ikkje utteljing

Tre sigrar førte Os til finalen i cupen.

– Skranevatnet er eit Gneist-lag. Det var eit godt lag med samspelte gutar vi møtte. Ifølgje ein i krinsen som var på kampen, er det eit av dei betre laga i Hordaland. Vi starta kampen bra og pressa dei. Likevel skåra dei tre gonger før vi fekk oss eit mål, som Mats Torp Nielsen stod for. Då dei leia 2–0 hadde vi fleire sjansar til å skåra, men diverre ville ikkje ballen i mål. Kampen hadde nok blitt annleis om vi hadde skåra då. Skranevatnet skåra to til før kampen var over, så det blei eit 5-1-tap til slutt, fortel Hermansen.

Nore Neset-jenter i finalen

Hermansen har også vore trenar for jentelaget i skulecupen. Dei rauk tidleg.

– Vi rauk ut i andrekamp i lokaloppgjeret mot Nore Neset. Dei skal spela finale. Kampen skulle eigentleg gå av stabelen i dag, men han er utsett. Motstandaren var ikkje klar, seier Hermansen.