119 skyttarar frå 16 skyttarlag i Hordaland deltok på Strandvik skyttarlags aller første ope innandørs skytestemne.
119 skyttarar frå 16 skyttarlag i Hordaland deltok på Strandvik skyttarlags aller første ope innandørs skytestemne.

Vil gjera Strandvik-miniatyren til årleg tradisjon

Dei yngste deltakarane var 10 år. Dei eldste nærare 80 då Strandvik skyttarlag inviterte til ope innandørs skytestemne for aller første gong.

Strandvik-miniatyren 2019 fann stad på 15-metersbana i Ridehallen i Strandvik søndag 6. januar. 119 skyttarar frå 16 skyttarlag i Hordaland deltok. Sjå resultatliste nederst i saka.

– Det var kjekt å få så mange på besøk på første forsøk, seier nestleiar i Strandvik skyttarlag, Sølvi Løberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk mange hyggjelege tilbakemeldingar undervegs, så dette vil nok verta ein årleg tradisjon, fortel Løberg.

Fullt hus på fleire deltakarar

Konkurranseskyting er ein sport ein kan driva med «heile livet». Dei yngste deltakarane på Strandvik-miniatyren var 10 år. Dei eldste nærare 80.

Skytterlaga i Os og Fusa var godt representerte. Løberg rapporterer om mange gode resultat i dei ulike klassane.

Arild Røyseth frå Os var den som gjorde det beste i klasse 3, 4 og 5 samanlagt.
Arild Røyseth frå Os var den som gjorde det beste i klasse 3, 4 og 5 samanlagt.
Sofia Dale konkurrerer i klassen Eldre rekrutt. Etter 25 skot stod ho att med 250 poeng.
Sofia Dale konkurrerer i klassen Eldre rekrutt. Etter 25 skot stod ho att med 250 poeng.
Sofie Evensen gjorde det beste i juniorklassen under miniatyrstemnet i Strandvik.
Sofie Evensen gjorde det beste i juniorklassen under miniatyrstemnet i Strandvik.

Nestleiaren i skyttarlaget trekkjer fram Arild Røyseth frå Os, som gjekk til topps i seniorklassen, det vil seia klasse 3, 4 og 5 samla, med 247 poeng.

Stolte kan også Sofia Dale (Os) og Lauritz Ø. Bjelland (Stord) vera. Begge konkurrerer i klassen Eldre rekrutt, og begge skaut fullt hus med 250 poeng.

Fullt hus vart det også på veteran Johannes Skaar Bakke frå Hardanger. Han var suveren i klassen veteran 73.

Hanrik Nygård, Os, var best i klasse 2 med 245 poeng, Olav Flølo, Strandvik, gjekk til topps i klasse 1 med 247 poeng, medan Sofie Evensen, Os, sikra sigeren i juniorklassen med 246 poeng.

Løberg ønskjer å takka alle som tok turen til Strandvik den første helga i januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Strandvik skytterlag ønskjer dei lukka til med resten av sesongen, seier Løberg.

Resultatliste, Strandvik-miniatyren 2019:

Klasse 3-5: 1. Arild Røyseth, Os (5) 247, 2. Harald Brekke, Hardanger (5) 246, 3. Arne Engevik, Stord (5) 245, 4. Øyvind Lønning, Åsane/Hordvik (5) 244, 5. Ole Martin Halvorsen, Bergen (5) 243.

Klasse 5: 1. Arild Røyseth, Os 247, 2. Harald Brekke, Hardanger 246, 3. Arne Engevik, Stord 245, 4. Øyvind Lønning, Åsane/Hordvik 244, 5. Ole Martin Halvorsen, Bergen 243, 6. John Olav Ågotnes, Sartor 243, 7. Chris-Andrè B. Fauske, Hardanger 242, 8. Trond Nordvik, Tysse 241, 9. Jan Ole Seim, Seim 240, 10. Erik Vik, Strandvik 240, 11. Svein Erik Halvorsen, Bergen 239, 12. Magne Lysen, Hardanger 238, 13. Njål Stian Børdal, Åsane/Hordvik 238, 14. John Almeland, Voss 238, 15. Amalie Evensen, Os 237, 16. Kjartan Huldal, Åsane/Hordvik 236, 17. Rolv Lekven, Os 236, 18. Vidar Nottveit, Seim 236.

Klasse 4: 1. John-Eirik Håland, Hålandsdal/Eikelandsfjorden 239, 2. Jan Kristian Evensen, Os 236, 3. Ove Berge, Hålandsdal/Eikelandsfjorden 236, 4. Jon Olav Bjørke, Hardanger 230, 5. Jarle Berhovde, Hålandsdal/Eikelandsfjorden 230, 6. Therese Iren Pettersen, Tysse 229, 7. Jan Erik Leirnes, Bergen 206.

Klasse 3: 1. Eirik Blindheim, Seim 235, 2. Hans Olav Flølo, Strandvik 231, 3. Lars Inge Vik, Strandvik 226, 4. Bjørnar Vik, Strandvik 224, 5. Olaug Bratthole, Voss 214.

Klasse 2: 1. Henrik Nygård, Os 245, 2. Øyvind Tvedt, Bergen 244, 3. Eli Gorm-Hansen, Os 243, 4. Per Harald Røyrvik, Hardanger 242, 5. Kenny Andre Soldal, Strandvik 241, 6. Ove Røyrvik, Hardanger 239, 7. Hans Kristian Birkeland, Osterøy 238, 8. Solveig Kristin Håvik, Strandvik 236, 9. Rune Hatlestad, Os 236, 10. Hilde Anita M Bjørkedal, Sartor 224, 11. Karsten Skare, Strandvik 222.

Klasse 1: 1. Olav Flølo, Strandvik 247, 2. Sølvi Løberg, Strandvik 245, 3. Anders Johansson, Os 242, 4. Torbjørn Sekse Håvik, Strandvik 241, 5. Arild Legland, Strandvik 241, 6. Roar Svellingen, Strandvik 230.

Veteran 55: 1. Harald Grytaas, Osterøy 248, 2. Berge Legland, Strandvik 248, 3. Alf Høysæter, Tysse 247, 4. Magne Strømme, Bergen 247, 5. Atle Håtuft, Meland 245, 6. Arvid Austefjord, Os 244, 7. Signe Karin Wingaard, Åsane/Hordvik 243, 8. Per Eikestad, Tysse 242, 9. Håkon Aadland, Tysse 241, 10. Kjell Ulvedal, Åsane/Hordvik 240, 11. Tor Egil Gjerde, Os 240, 12. Egil Bjørkedal, Sartor 239.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veteran 65: 1. Eyvind Bjørsvik, Askøy 247, 2. Knut Skjelbreid, Hålandsdal/Eikelandsfjorden 245, 3. Tore Iversen, Åsane/Hordvik 245, 4. Eivind Høysæter, Tysse 234.

Veteran 73: 1. Johannes Skaar Bakke, Hardanger 250, 2. Solveig Solbakken, Herdla 249, 3. Magne Nordvik, Tysse 248, 4. Gunnbjørg Ågotnes, Sartor 248, 5. Malvin Ågotnes, Sartor 247, 6. Reidar Dahle, Os 246, 7. Hans Tvedt, Seim 243, 8. Nils Børdal, Åsane/Hordvik 242, 9. Oddvar Eikemo, Os 239, 10. Paul Ingvald Haugen, Sævareidfjorden 235.

Eldre Junior 18 år: 1. Kristoffer Tvedt Skråmestø, Bergen 234, 2. Kristian Mjånes, Voss 230.

Junior 16-17 år: 1. Sofie Evensen, Os 246, 2. Sindre Taule Sandstå, Seim 244, 3. Tiril Aurora Bolstad, Voss 242, 4. Gaute Sande Almeland, Voss 242, 5. Emil A Vatna, Stord 240, 6. Kyrre Haugland, Os 240, 7. Gaute Eide Bergstø, Os 240, 8. Jane Brunborg Flatby, Voss 239, 9. Odin Lyngsgård, Voss 238, 10. Marius Klette, Voss 236, 11. Aleksander Ronæs, Os 236, 12. Roger Svellingen, Strandvik 233, 13. Daniel Skare, Strandvik 232, 14. Odd Eirik Bratthole, Voss 226.

Eldre rekrutt 14-15 år: 1. Lauritz Ø Bjelland, Stord 250, 2. Sofia Dale, Os 250, 3. Daniel Myklebust Fjellstad, Os 248, 4. Mats Nøkland, Os 243, 5. Vegard Heimdal, Os 243, 6. Adelheid Røttingen Møller, Os 241, 7. Celine Daviknes Hårvik, Os 241, 8. Synne Laastad, Os 241, 9. Anne Irgens-Hagevik, Os 236.

Rekrutt 11-13 år: 1. Jonas Bjørke, Hardanger 242, 2. Jonas Håland, Hålandsdal/Eikelandsfjorden 237, 3. Synneva Almeland, Voss 215.

Nybegynner ung (NU): Emil S. Angelskår, Strandvik 195, Marckus A. Angelskår, Strandvik 181, Henriette Frydenlund, Strandvik 228, Askil Furubotn Storum, Strandvik 210, Magnus Stenevik Gjøen, Strandvik 238, Helge Lu Hope, Tysse 239, Even Espeland Hult, Strandvik 236, Joachim Reuter, Strandvik 236, Mads Sagstad Hjelle, Strandvik 225, Helena Tuft, Strandvik 212, Silje Vik, Strandvik 239, Eivind Vik Tveit, Strandvik 239, Elias Haugen Vindenes, Strandvik 230.

Nybegynner vaksen (NV): 1. Arild Hope, Tysse 239, 2. Lasse Løberg Aakre, Strandvik 235, 3. Kirsten Birkeland, Strandvik 231, 4. Helge Martin Håvik, Strandvik 231, 5. Frode Soldal, Strandvik 231.

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no