Startar lokallag for Holdhus kyrkje

Bygdautvalet i Hålandsdalen har sett saman eit interimstyre for etablering av eit lokallag av Fortidsminneforeningen.

Morten Holmefjord

flag2x3@gmail.com

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me treng nokon som tek seg av den unike bygninga som Holdhus kyrkje er, og skaper aktivitet, seier leiar i bygdautvalet Harald Bjørndal.

I interimstyret sit Svein Arne Tegland, Olaug Bjørndal, Marte Bodil Lampe og Kamilla Aarseth.

2.300 elevar

Det har alt blitt halde eit møte med Fortidsminneforeningen saman med kulturleiar Erik Vangsnes og Anne Martinsen, der det vart konkludert med at eit lokallag var ønskjeleg.

Sistnemnde møtte som representant for Hålandsdalen Leirskole som no har det tekniske tilsynet med Holdhus kyrkje. Gjennom året er om lag 2.300 bergenselevar innom klenodiet.

Drift og guiding har gjennom åra vore innom leirskulen, Fusa frivilligsentral og Fusa kulturminnelag.

- Byggadministrasjon Harald Bjørndal har teke seg av bestillingar og sendt faktura til tur­operatørane, og det vil gjerne halda fram, fortel Bjørndal.

Glad i

Neste hending i kyrkja blir førstkomande laurdag med songtrioen Shofar, der det blir konsert og allsong med støtte av lokale musikarar. På tampen av sommaren, 22. august, blir det også konsert. Like eins laurdag 26. september.

- Her legg me opp til ein seanse før konserten der me vil etablera lokallaget. Dei som er med i interimstyret har sagt seg villige til å halda fram i eit styre. Me håpar sjølvsagt at alle som er glade i holdhuskyrkja melder seg inn, avsluttar Bjørndal.