Superlaget Nore Neset jenter 13 vann 1. divisjon. I sin siste kamp borte mot Sædalen vann dei 17-0.
Superlaget Nore Neset jenter 13 vann 1. divisjon. I sin siste kamp borte mot Sædalen vann dei 17-0.

Suksessfullt jenter 13-kollektiv

Dei starta med å vinna Lagunen fotballfestival i fjor haust. No tronar det samanslåtte jenter 13-laget til Nore Neset på toppen av 1. divisjon.

Før haustsesongen i fjor vart jenter 13-spelarar frå Nore Neset, Søre Neset, Lysekloster, Søre Øyane og Strøno samla på eit flett nytt Nore Neset-lag. Resultatet av samanslåinga er blitt eit særs slagkraftig kollektiv.

Alt same hausten vann laget tre cupar, inkludert Lagunen fotballfestival, og i vår har jentene fossa fram i 1. divisjon og 2. divisjon i Hordalandsfotballen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så godt har dei spelt at førtelaget vann 1. divisjon med to poengs margin framfor Stord 1, medan andrelaget tok tredjeplassen i 2. divisjon.

- Me har hatt ein kjempebra vårsesong. Samhaldet på laget er supert, og det er nok noko av grunnen til at me har gjort det så bra, seier Andrine Brunvatne Kvittingen, Martine Nagelsen-Balland og Celina Døsen.

Støttar kvarandre

Trioen er også strålande nøgd med samarbeidet seg i mellom.

Andrine Brunvatne Kvittingen, Martine Nagelsen-Balland og Celina Døsen kjem frå Lysekloster IL, Søre Neset IL og Nore Neset IL, men fungerer til liks med resten av lagvennene kjempegodt i lag på Nore Neset med blå drakter.

Elina H. Skeie, Martine Nagelsen-Balland, Helene Søviknes, Celina E. Døsen, Emilie Turøy,  Maria T. Lekven, Kathrine Li, Tuva Berge & Miriam Heltne.Ikkje til stades på bilete: Maren Sofie Ø. Rondestvedt, Lena S. Wik og Inger Christine Foldrup, samt trenar Morten Døsen.

- Celina og eg brukar å ha mange assists til Andrine. Ho er storskåraren på laget, og har sikkert skåra nesten halvparten av alle måla våre, seier Martine.

- Kor mange mål er det blitt Andrine?

- Veit ikkje, kanskje eg teljar ikkje etter.

- Sikkert nesten 30, repliserer Martine.

Dei tre jentene har bakgrunn frå Lysekloster, Søre Neset og Nore Neset. Kjemien er heilt topp.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er blitt gode lagvenner heile gjengen. Alle er inkluderte, og alle støttar kvarandre - enten ein spelar på første- eller andrelaget, seier trioen.

Fire trenarar

Til å styra den talentfulle jentegjengen har Nore Neset IL no fire trenarar.

- Det var ikkje heilt meininga at det skulle bli slik, men det har fungert kjempefint - i alle høve når me har to lag å følgja, seier Eirik Kvittingen.

Med seg i trenarteamet har han Morten Døsen, Sverre Johan Fløysand og Kenneth Moland.

Også jentene er nøgde med å ha fire trenarar.

- Dei utfyllar kvarandre. Dei er gode trenarar, men har sjukt dårleg humor, ler Andrine, Martine og Celina.

I helga er dei blåkledde jenter 13-jentene til Nore Neset i aksjon i Sør Cup i Kristiansand.

Jentene trur på suksess.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har vunne tre cupar tidlegare. Dette er nok den største me har delteke i, men me har gode sjansar for å nå langt, seier trioen.

Sjølv om serierunden i vår var avsluttande kan jentene ikkje slå seg på brystet med å ha blitt krinsmeistrar. Det må dei venta med til hausten.

- Vinn me same serien til hausten vert det KM-tittel. Det er det store målet, slår Andrine, Martine og Celina fast.