UP er standhaftig og sluttar ikkje med fartskontrollar på Lepsøyvegen før lokaltrafikantane har lært seg at farten på denne strekninga er 50 km/t.
UP er standhaftig og sluttar ikkje med fartskontrollar på Lepsøyvegen før lokaltrafikantane har lært seg at farten på denne strekninga er 50 km/t.

UP dresserer lokal- trafikantane

Dei siste månadene har UP hatt mange fartskontrollar på Lepsøyvegen. - Det er vår måte å dressera trafikantane på, seier distriktsleiar i UP, Terje Oksnes.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av dei siste månadene har «Os og Fusaposten» registrert at UP har hatt minst fire fartskontrollar på Lepsøyvegen, strekninga Bedehuset-Grindavoll. Seinast måndag kveld kontrollerte dei bilistane på denne strekninga. Resultatet vart fem forenkla førelegg, og eit inndrege førarkort.

Dersom me tek med dei to siste kontrollane før denne veka, ser me at UP har delt ut nærare 40 forenkla førelegg til bilistar på denne strekninga. Det er mykje.

- Det er rett at me har stått ein del på Lepsøyvegen. Årsaka er enkel. Dersom me avdekkjer mange fartssyndarar den første gongen me er til stades, då ser me det som naudsynt å koma igjen og visa trafikantane at me følgjer med, og vil ha farten på denne strekninga ned til skilta fart, altså 50 km/t, seier Terje Oksnes.

Distriktsleiar i UP, Terje Oksnes, fortel at det ikkje er uvanleg at UP står på same plassen over ein lengre periode. - Nokon gonger må det rett og slett til, seier distriktsleiaren.
Distriktsleiar i UP, Terje Oksnes, fortel at det ikkje er uvanleg at UP står på same plassen over ein lengre periode. - Nokon gonger må det rett og slett til, seier distriktsleiaren.
Karl Tore Bjaanes Gjerde er tilsett ved Os Lakk & Karosseri. Han ser stadig at UP riggar seg til utanfor verkstaden. - Dei har i alle høve ståt her tre gonger den siste tida, seier Gjerde.
Karl Tore Bjaanes Gjerde er tilsett ved Os Lakk & Karosseri. Han ser stadig at UP riggar seg til utanfor verkstaden. - Dei har i alle høve ståt her tre gonger den siste tida, seier Gjerde.

Vanleg metode

Han legg til at for UP er dette ein heilt vanleg framgangsmåte for å oppnå tryggare trafikk.

- Dette har me sagt mange gonger tidlegare, men det skadar ikkje å gjenta det: Me har ikkje som mål å hanka inn kroner. Vårt overordna mål er å driva førebyggjande arbeid. Dersom sjåførar som bruker å køyra for fort på denne strekninga, veit at me ofte er til stades og følgjer med...ja, då er sjansen stor for at dei også set ned farten. Det er fartsreduksjon som er målet, konstaterer Oksnes.

Han synest heller ikkje tre-fire kontrollar innanfor eit tidsrom på ein månad er mykje.

- Nei, dette er måten me ofte gjer det på. Dersom me etter kvart kjem til at kontrollane våre i dette området ikkje avdekkjer fartssyndarar, då er jobben kanskje gjort, seier UP-leiaren.

Han presiserer at det trass alt også må vera i innbyggjaranes interesse å sikra trygg veg i området der dei bur.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det me har avdekt til no viser at det stort sett er lokalbefolkninga som køyrer for fort på denne strekninga. Eg ville jo tru at dei også ønskjer at born, unge og andre som ferdast langs vegen skal føla seg trygge, seier UP-leiaren.

Gode bodbringarar

«Os og Fusaposten» har prata med fleire lokale trafikantar, som meiner at UP er altfor strenge, og at dei heller burde gått etter større fartssyndarar. Oksnes er ikkje einig.

- Dette er også eit tema som ofte kjem opp. Her kan eg gje eit døme: Dersom me har to bilistar som blit tekne for for høg fart i 80-songa. Han eine blir teken for å ha køyrt i 120 km/t, medan han andre blir teken for å ha køyrt i 92 km/t. Kven av desse trur du vidareformidlar bodskapen om at me er ute og kontrollerer til flest moglege, spør Oksnes retorisk, før han fullfører.

- Jo, det er sjølvsagt sjåføren som køyrde i 92 km/t og som føler seg hardt straffa. Vedkomande som har køyrt i 120 er truleg skamfull og flau, og ser helst at ingen får vita om det, seier Oksnes.