Even Stang var i godt slag sjølv etter to månaders sommarferie frå kickboksinga.
Even Stang var i godt slag sjølv etter to månaders sommarferie frå kickboksinga.

Ut i hundre etter ferien

Odin Stang var meir enn klar for nye kickboksing-treningar etter ferien.

Måndag hadde Os Kickboxing Klubb si første trening etter sommarferien. For fleire av klubbens faste medlemer hadde ventetida vore lang.

- Det var utruleg godt å koma i gang. Dette er ein veldig fin sport, seier Odin Stang.

Artikkelen held fram under annonsen.

15-åringen har drive med kickboksing i halvtanna år.

- Dette semesteret vert mitt tredje, fortel norenesingen.

Gode kondisjonstrening

For Odin og mange av dei andre medlemene i Os Kickboxing Klubb er det opplevinga av å få knallgod allround trening som er det viktigaste. Slåsting og sparkteknik er også viktig, men kjem gjerne i andre rekkje.

Mika Stensletten og Robert Kåstad demonstrerer Pointfighting-oppvarming.
Mika Stensletten og Robert Kåstad demonstrerer Pointfighting-oppvarming.
Berre oppvarminga var nok til at fleire av deltakarane byrja å hiva etter pusten.
Berre oppvarminga var nok til at fleire av deltakarane byrja å hiva etter pusten.
Dei vidarekomne fekk sparra med hanskar. Nybyrjarane terpa teknikk.
Dei vidarekomne fekk sparra med hanskar. Nybyrjarane terpa teknikk.
Thomas Jensen og Vidar Kåstad diskuterer treningsopplegget for dei nye.
Thomas Jensen og Vidar Kåstad diskuterer treningsopplegget for dei nye.

- Det er moro å læra å forsvara seg og sånn, men mest av alt er dette god kondisjonstrening. Eg føler eg får brukt heile kroppen, og er skikkeleg sliten etter halvannan times trening med denne gjengen, seier Odin.

Godt oppmøte

På haustens første trening var det også mange nybyrjarar. Instruktør og leiar i klubben, Thomas Jensen, var gledeleg overraska.

- Me har berre reklamert på Facebook, så nesten ti nye utøvarar er veldig bra, seier Jensen.

Han har leidd treningane i ei årrekkje i lag med broder Christer Jensen og Vidar Kåstad.

På måndag var det berre Thomas og Vidar som var i treningsty.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg hadde så mykje på jobb at eg måtte bli over, og rakk ikkje henta treningsutstyret, fortalde Christer då han kom litt før slutt.

Gradering

På den første treninga vart dei 8-10 nye utøvarane trena av Vidar Kåstad. For kvar gong dei ikkje følgde med måtte dei ned på golvet og ta ti armhevingar. Utan at dei såg så veldig ufokuserte ut, vart det minst seks-sju strafferundar.

- Me må jo køyra dei litt, smilte Kåstad.

Dersom dei blir med utover hausten, får dei høve til å gradera seg til gult belte like før jul. Dei etablerte får sjølvsagt høve til å få nytt belte dei også.

- Me har to treningar i veka. Elles prøver me å få til éi samling med fjelltur i veka. Totalt vert det ein bra "treningspakke". Det er fint miljø i klubben og me håpar endå fleire finn vegen, avsluttar Thomas Jensen.