Desse åttandeklassingane utgjer Os & Fusapostens ungdomsredaksjon.
Desse åttandeklassingane utgjer Os & Fusapostens ungdomsredaksjon.

Utdanning: Os & Fusaposten får eigen ungdomsredaksjon

Dette skuleåret skal valfagsklassen Media og informasjon på Os ungdomsskule, laga videoreportasjar av og for ungdom på Os&Fusa-TV.

I september tok avisa kontakt med media og informasjons-klassen på ungdomsskulen med mål om å starta ungdomsredaksjon for å dekkja og betre nå ut til ungdomen. Lærar Ingvild Helle var positiv frå første stund, og etter informasjonsmøte og opplæring, er elevane no klare for å gå i gang med videoreportasjar.

Den beste læraren

To av dei 30 elevane i klassen, er Celine Bastiansen og Ida Vaktskjold. Dei ser fram til å setja eigne idear ut i live.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva var grunnen til at de valte dette valfaget?

- Vi fekk informasjon om alle valfaga, og eg syntest dette høyrtest mest interessant ut. I tillegg fekk eg eit godt inntrykk av læraren, Ingvild, seier Celine.

- Ho er den beste læraren, legg Ida til.

Ida Vaktskjold og Celine Bastiansen gler seg til å få prøva seg med videokamera, og jobba for avisa.
Ida Vaktskjold og Celine Bastiansen gler seg til å få prøva seg med videokamera, og jobba for avisa.

Sidan dei har mykje teori i mange av dei andre faga, er det også positivt at det i media og informasjon er mykje praktisk jobbing.

Stas å jobba for avisa

Dei to håpar at dei ved å laga saker om ungdom, får vist fram alt det positive som ungdom driv med.

- Vi vil laga innslag som ungdom ønskjer å sjå, samstundes som vaksne kan få sjå kva ungdom interesserer seg for og driv med, seier Ida og legg til:

- Eg meiner det er mykje negativt fokus kring ungdom i dag. Kanskje vi kan gjera noko med det, ved å visa eit anna bilete.

- Korleis trur de at det blir å jobba ute i feltet og snakka med vilt framande?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir nok litt rart i starten, samtidig som det er spanande. Det er stas å kunna seia at vi er frå Os & Fusaposten. Då er det på ordentleg, og ikkje berre eit vanleg skuleprosjekt, smiler Ida.

- Kan de tenkja dykk å jobba med som dette i framtida?

- Aboslutt. Det er kjekt med bilete, intervju og filming, seier Celine.

Angrar ikkje på valet

Media og informasjons-klassen er full med 30 elevar. I tillegg er det mange som står på venteliste. Jentene er glade for at dei valte som dei gjorde.

- Vi angrar ikkje. Det er litt synd på dei som er på venteliste. Helst skulle alle fått plass. Dei kjem ikkje til å få plass i klassen. Det er nok ingen som kjem til å slutta og gje frå seg plassen, for det er så kjekt, seier Ida.

Etterlyser kjendisintervju

Både Celine og Ida kjenner til «Holdeplassen», som er ein serie på Os&Fusa-TV som plar bli lagt ut på fredagar, der vi snakkar med ungdom om helgeplanane. Men bortsett frå det, følgjer dei ikkje så nøye med på kva Os & Fusaposten driv med.

- Eg følgjer ikkje så mykje med no, då eg føler det er mest saker for vaksne, seier Ida.

- Eg synest det er interessant med intervju av kjende personar. De bør ha meir av det, seier Celine.

Artikkelen held fram under annonsen.

No skal dei sjølv ut på gata og laga saker dei meiner er interessant for ungdomen.

- Dette er kjempespanande. Vi gler oss til å koma i gang, seier jentene.