Valfarten til Vedholmen

Når sola skin og temperaturen stig, strøymer folk til Vedholmen. Båtane ligg tjukt kring gjestebrygga.

- Det er eit flott område både her og kring Vedholmen, seier André Homlefjord Solbakken (20).

Han hadde fått låna farens vassjett, og hadde med seg Vilde Sæterdal (16) på tur.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er alltid fullt her når det er fint vêr og varmt i lufta.

Totalpakken

Det er mange fine område i skjergarden i Os. André er litt usikker på kvifor Vedholmen har blitt såpass populær. Kanskje er det grunna totaltilbodet, med flotte omgjevnader, butikk og drivstofftankar.

- Ikkje minst er pizzaen på Bunnpris utruleg god, seier André, som nettopp har kjøpt seg eit stykke.

At pizzaen er god, kan omsetnaden stadfesta. Den skrøpelege sommaren i fjor, førde til stor nedgang i omsetnad for butikken. Likevel, pizzasalet heldt seg stabilt.

Som sild i tønne

Butikksjef på Bunnpris Vedholmen, Inglaug Brimsholm, trur òg at det er totalpakka som lokkar sommarkundar til butikken. Dei solrike vekene vi har hatt så langt, har gitt ein fantastisk start på sommaren.

- Det har vore heilt enormt, og stor kontrast til i fjor. Talet kundar fell litt når temperaturen går ned, men på dagar der det er sol og varmt, så er både kaien og parkeringsplassen for liten, seier ho.

Då er også butikken for liten.

- Eg jobbar med å få laga ein ny butikk. Det er bale for kundane å stå som sild i tønne, men så er det også nokre som synest denne gamle butikken er sjarmerande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Namnet Vedholmen har fått fotfeste både i bygda og for tilreisande.

- Det er mange som er opptekne av at det heiter Søre Øyane her. Eg seier sjølv at eg er frå Vedholmen. Eg trur ikkje ein einaste bergensar veit kor Søre Øyane er, men dei veit kor Vedholmen er.