Frode Veim Haugland hadde god grunn til å visa sitt sedvanlege glis under WAL-kvaliken i Skien. (Privat foto)
Frode Veim Haugland hadde god grunn til å visa sitt sedvanlege glis under WAL-kvaliken i Skien. (Privat foto)

Vann rubbel og bit i Skien

Frode Veim Haugland vann alt han stilte opp i under WAL-kvaliken i Skien laurdag. Også Tore Matre og Ronny Risøen gjorde sine saker bra.

Totalt 24 av dei beste handbakutøvarane i landet stilte i WAL-kvaliken i Fritidsparken i Skien. Her kjempa dei om å få representera Noreg i sin vektklasse i EM-runden i London i mars.

Os Handbakklubb stilte med tre utøvarar. Frode Veim Haugland, Tore Matre og Ronny Risøen klarte alle det dei var komne for: å sikra turen til London.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det gjekk veldig bra. Sjølv om me alle gjekk i same vektklasse, humrar Frode.

For ettersom osingane plasserte seg blant dei tre beste vart det EM-WAL-kvalik-tur på trioen frå Os.

- I høgre arm kvalla me alle tre. Eg vann over Tore i finalen, medan Ronny tok tredjeplassen. Også i venstre arm var eg best, medan Ronny vart nummer fire. Tore vart her berre nummer sju. Han seier i bakgrunnen her at at han var litt sjuk. Du får ta det med, så han føler seg litt unskulda, ler Frode.

Tore Matre, Frode Veim Haugland og Ronny Risøen godt nøgde med eigen innsats etter handbak-konkurransen i Skien laurdag. (Privat foto)
Tore Matre, Frode Veim Haugland og Ronny Risøen godt nøgde med eigen innsats etter handbak-konkurransen i Skien laurdag. (Privat foto)

Store pengepremier

Då «Os og Fusaposten» prata med Frode i 20-tida laurdag kveld, var trioen på veg ut i "Skien by night".

- Me må jo feira litt. Ein middag og noko godt å drikka forten me, seier Frode.

Sjølv kunne han feira fire finalesigrar.

- Me hadde ein "overall-turnering" etter kvaliken. Kven gjekk til topps der trur du, ler Frode på sitt umisskjennelege vis.

- Eg vann til og med begge klassane, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den såkalla WAL-turneringa går over heile verda. Dersom gutane gjer det skarpt i London får dei tur til verdsfinalen i Las Vegas i slutten av juni.

- Berre dei tre beste i Europa i kvar vektklasse får vera med i verdsfinalen. Kjem me så langt er me garantert pengepremie. Det er klart me skal til LV, konstaterer Frode.

Totalt 500.000 dollar vert delt ut i spelehovudstaden i USA.

- Men korleis kan det ha seg at du er så god form. Byggjar ikkje du hus dagen lang, utan å få tid til å trena?

- Jaudå, det er det som er så rart. Eg trur forma skal vera synkande, men dette fungerar jo heilt optimalt. Kanskje eg må halda på slik ekstra lenge, seier den suverene WAL-kvalik-vinnaren frå Os.