Både Eikelandsosen skulemusikklag og dei to korpsa i Os hadde ei god helg under Hordablæsten. Her representert ved førstnemnde musikklag.
Både Eikelandsosen skulemusikklag og dei to korpsa i Os hadde ei god helg under Hordablæsten. Her representert ved førstnemnde musikklag.

Vel blåst for både osingar og fusingar

Os skulekorps, Nore Neset Skulekorps og Eikelandsosen skulemusikklag gjorde det godt under helgas Hordablæsten-arrangement.

Fleire pall-plasseringar, pris for beste underhaldning og tittelen "Årets miljøskapar" er av utmerkingane dei tre korpsa stakk av med i helga.

60 korps og totalt 2.350 musikantar var samla då årets Hordablæsten gjekk av stabelen i Grieghallen laurdag og søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det årlege arrangementet er ein av landets største konkurransar for korps, ensemble og solistar.

330 solistar og 11 ensemble konkurrerte i ulike klassar. Dei vart vurderte av totalt 40 dommarar.

Vinnarane blei annonserte under festkonserten i Grieghallen søndag kveld, med 1.500 publikummarar i ein fullsett sal.

Vegard Fosså dirigerer Eikelandsosen skulemusikklag sitt juniorkorps. I helga vart han heidra for arbeidet han legg ned i dette, med Norges Musikkorpsforbund sin pris som "Årets miljøskaper 2016".
Vegard Fosså dirigerer Eikelandsosen skulemusikklag sitt juniorkorps. I helga vart han heidra for arbeidet han legg ned i dette, med Norges Musikkorpsforbund sin pris som "Årets miljøskaper 2016".

Os skulekorps landa ein tredjeplass i klassen janitsjar 2. divisjon. Nore Neset skulekorps tok tredjeplassen i klassen Generasjon.

Vinnarar

Fleire av Os skulekorps sine solistar gjorde det også svært bra.

Vibeke Nordtveit vann solist klasse 14 år, medan det vart dobbelt opp i klasse 15. år, der Kamilla Steinkjer Bentzen stod att som vinnar og Thomas Hjertaker fekk andreplassen.

Aspirantane Eline Røsseland Hop og Synne Hjertaker stilte i ensemblekonkurransen, der dei imponerte med ein fjerdeplass etter berre eit halvt års speling.

I tillegg stakk trompetgruppa til Os skulekorps av med gruppeprisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korpsa hadde fleire deltakarar i dei ulike klassene, både i solist og ensemble.

Gjev utnemning til Fosså

Eikelandsosen skulemusikklag sitt juniorkorps fekk "Dynamikk-prisen", medan korpset sin dirigent, Vegard Fosså, fekk Norges Musikkorpsforbund sin pris som "Årets miljøskaper 2016".

Prisen fekk han for sin innsats som dirigent for juniorkorpset og for det gode førebiletet han er for dei yngre musikantane i korpset. Premien er eit diplom og kr 5.000.