SFO-kunstnarane på Kuventræ barneskule er allsidige. Inkludert i vernissasjen var ein flott kor- og blokkfløytekonsert dirigert av Kari Bjørnevik.
SFO-kunstnarane på Kuventræ barneskule er allsidige. Inkludert i vernissasjen var ein flott kor- og blokkfløytekonsert dirigert av Kari Bjørnevik.

Vel blåst for kreativt kollektiv

Onsdag ettermiddag viste 124 SFO-kunstnarar og 12 kreative tilretteleggarar ved Kuventræ barneskule sitt fulle kunstnariske potensiale.

Under parolen «Huset med det rare i» inviterte SFO-en ved skulen til ekte vernissasje. Gjestene vart ønskt velkomne med velkomstdrink i døra, og mellom eit utal flotte utstillingar var det også sett ut eit flott kakebord med drikke og eit rikhaldig utval av bakevarer og søtmat.

Fullt hus

Det var med andre ord eit godt førebudd vertskap for vernissasjen. Borna smilte om kapp, medan foreldre, besteforeldre, vener og kjente spaserte rundt og nytte dei mange flotte utstillingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unge Gustav Bahus tok underteikna med til lego-avdelinga. Her hadde han bygd ein minivariant av farens garasje. På veggen hadde han laga bilete av familien sin.

Ute ved pluss pluss-utstillinga (også ein type lego) tok Kari Bjørnevik imot nye gjester og forklarte vegen til dei ulike utstillingane på huset.

- Her strøymer folk på, og det er sååå kjekt. Borna har førebudd seg til dette sidan me starta opp att etter nyttår, og har mykje fint å visa fram, fortalte Bjørnevik.

Denne gjengen var stolte av å ha vore med og laga den flotte romverda bak dei.
Denne gjengen var stolte av å ha vore med og laga den flotte romverda bak dei.
Jokobas og Torbjørn var godt nøgde med rekved-kunsten.
Jokobas og Torbjørn var godt nøgde med rekved-kunsten.
Kakene på kakebordet var sjølvsagt kunstnarisk dekorerte.
Kakene på kakebordet var sjølvsagt kunstnarisk dekorerte.
Ein smilande velkomstkomité møtte oss i døra.
Ein smilande velkomstkomité møtte oss i døra.
Tiril delte raust ut lappar med "Du er snill" på.
Tiril delte raust ut lappar med "Du er snill" på.
Gustav Bahus jr. viste fram lego-garasjen han hadde bygd.
Gustav Bahus jr. viste fram lego-garasjen han hadde bygd.

Like etter samla ho SFO-koret og inviterte til ein kort vernissasje-konsert som inkluderte tre songar og eit blokkfløyte-nummer.

Kreative medarbeidarar

Ved det elegant pynta kakebordet fekk me også eit ord med ein stolt SFO-leiar, Tone Austevoll Lund.

- Desse godsakene her er det medarbeidarane våre og borna som har stelt i stand. Sjå kor flott dei har laga til, sa Lund.

Ho var svært nøgd med dagen.

- Det kjekkaste er å sjå kor stolte borna er over å visa foreldra kva dei har laga og vore med på. Men i tillegg må eg få skryta av mine 12 fantastiske medarbeidarar. Dei er enormt kreative og har bidrege med stor fantasi og god arbeidsinnsats for at me skulle koma i mål med dei mange utstillingane, konstaterte Lund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fascinerande romverd

Ein kunne gå lenge og studera kunsten i SFO-bygget på Kuventræ. På veggene hang det flotte kullstift-bilete og måleri, det var gigantiske utstillingar eine og åleine laga av rekved, bilete laga av twistpapir, store byggekloss-bygningar og ikkje minst ei eiga romverd. Den sistnemnde installasjonen var laga i eit rom med dempa lys og store blå gardiner rundt. Her hadde borna laga ei rekkje med rakettar, romferjer, månebilar og anna liknande. Det meste av det av metall-avfall farga i kledeleg aluminium-sølv.

«Huset med det rare i» vart på alle måtar ei svært vellykka utstilling. Truleg vert det fleire.

- Det er gjevande for borna å jobba over lengre tid med prosjekt som dette. Og me vaksne har også kost oss. Du skal ikkje sjå bort frå at dette kan bli ein årleg tradisjon, seier SFO-leiar Lund.