- Det er flaut å vera sjef for landets utøvande mynde, og ha så dårleg utstyr som det vi har, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
- Det er flaut å vera sjef for landets utøvande mynde, og ha så dårleg utstyr som det vi har, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Ynskjer seg ti nye politifolk til jul

Os lensmannskontor har for få tilsette til å ta unna ei stadig aukande arbeidsmengde. I tillegg slit dei med dårleg og manglande teknisk utstyr. - Det er rett og slett flaut, sukkar lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trur ikkje dei sentrale styresmaktene forstår kva utfordringar vi står overfor, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Etter to og eit halvt år i lensmannsstolen, er trønderen vorten godt kjend med kommunen. Som øvste leiar for til saman 23 tilsette, har han ansvar for førebyggande politiarbeid, etterforsking, forvalting av våpen og hittegods, tvangssal og vakthald. For å nemna noko.

Men trass i tre nye 100 prosent-stillingar dei siste fem åra, greier ikkje politiet å ta unna alt arbeidet.

Lensmann Oddbjørn Dyrdal, politiførstebetjent Rune Fimreite og politibetjent Anne Lyssand er skjønt einige om at dei treng fleire folk.
Lensmann Oddbjørn Dyrdal, politiførstebetjent Rune Fimreite og politibetjent Anne Lyssand er skjønt einige om at dei treng fleire folk.

- For å seia det enkelt må vi idag velja å enten vera til stades ute blant folk, eller bruka ressursar på etterforsking. Det er tøft for ein etat som til dei grader ynskjer å vera til stades der folk er og heller jobba førebyggjande enn reaktivt, seier han.

- Men arbeidsmengda er rett og slett større enn vi greier å ta unna.

Sløsing av tid

- Handlar dette om "sløsing" av politi-tid på unødig rapportering?

- Nei, dei krava vi har til rapportering er faktisk eit gode som sikrar at vi har ein rettsstat. Rapportering er kome for å bli, og er ikkje vår fiende, svarer han.

Dyrdal presiserer at samarbeidet med lokalpolitikarar og kommunebyråkrati er godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg møter stor forståing for våre utfordringar hos både ordførar og andre. Men Os lensmannskontor er underlagt Hordaland politidistrikt og til sjuande og sist Politidirektoraret i Oslo. Difor er det folk langt frå oss som bevilgar midlane, og ikkje dei som til dagleg ser kvar skoen trykkjer.

Flaut

Dyrdal har jobba på fleire ulike nivå i politiet, men ei kjensle har vore med han heile vegen.

- Det er rett og slett flaut at vi i politiet, som skal vera landets utøvande mynde, har så dårleg utstyr. Når det er leiteaksjonar i Os, opplever vi til dømes at dei frivillige i Røde Kors har betre teknisk utstyr enn oss. Sjølv om det nye naudnettet representerer ein framgang, ser vi at dei er betre på både samband og gps-teknikk, seier han.

- Er du misunneleg på kollegaene i Os Brannvesen?

- Ja, klart det. Dei har fantastiske lokalitar og fasilitetar. Vi er sjølvsagt glade på deira vegner, men vi er diverre prisgitt prioriteringar frå Oslo, seier han.

Overtid

- Kan den store arbeidsmengda løysast med bruk av overtid?

- Nei, vi må forhalda oss til arbeidstidsbestemmelsane og ein avgrensa økonomisk pott. Men hadde det vore opp til mine medarbeidarar, så hadde dei gjerne stått på endå meir.

- Er det vondt for ein politibetjent å gå frå jobb med mykje ugjort?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, det skal eg lova deg. Vi har mange idealistar som har lyst til å prestera, hjelpa folk og oppklara saker, fortel han og viser nasjonale undersøkingar som syner at politiet skil seg frå andre yrkesgrupper på dette punktet. Politifolk er nemleg villige til å yta meir enn arbeidsgjevar forventar.

Klager frå publikum

- Får de mykje klager frå publikum på arbeidet dykkar?

- Nei, i liten grad. Noko som skuldast at våre folk er flinke til å informera og kommunisera til den fornærma part at ting tek tid. Dermed vert folks forventningar til rask oppklaring dempa, seier han.

Han nemner sykkelsaka frå nokre veker sidan som ei god sak for politiet. Kjapt oppsummert melde ein person frå på FB om ein stolen sykkel, politiet snappa det opp, fann sykkelen og levert han på døra dagen etter.

- Ei slik sak betyr mykje for omdømet vårt i befolkninga. Og ikkje minst er det kjekt at denne personen fekk hjelp av politiet. Det gler oss stort, smiler han.

Størst på arbeidsinnvandring

Os kommune har i dag godt over 19.000 innbyggjarar, er prega av stor gjennomfart og nærleik til storbyen Bergen. Kommunen er visstnok også størst i Hordaland på arbeidsinnvandring. Vidare har Os ein låg snittalder og mange skular, deriblant fleire vidaregåande skular.

På spørsmål om kva type kriminalitet som pregar Os, peikar Dyrdal på mellom anna familievald og overgrep.

- Dette er ressurskrevjande og viktige saker, og i det siste har vi avdekka mørketal på området.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men vi har også ei utfordring når det gjeld rusproblematikk. Eg vil nødig seia noko som verkar stigmatiserande for bygda vår, men vi må samstundes erkjenna at her har vi eit problem, seier han.

Juleynske

- Diverre må vi bruke ressursar rått. Når ein tenkjer over at rusproblematikk genererer både vald, helseproblem, ruskøyring og vinningskriminalitet, så seier det seg sjølv at vi skulle hatt meir trykk på dette.

- Kva ynskjer lensmannen seg til jul?

- 10 nye etterforskarar. Eg veit det er urealistisk, men hadde vi fått inn folk på kontora her, så kunne vi fått vore ute blant folk der vi mest av alt vil vera, seier han.