Lettare i Bjørnafjorden: Rolf André Inde Kjærstad trur ikkje han hadde engasjert seg politisk om han framleis hadde budd i Bergen.

– Eg kan ikkje vera trenar i eit idrettslag. Dette er mitt bidrag til storsamfunnet

For eitt år sidan byrja Rolf Andre Inde Kjærstad (32) å følgja alle dei politiske møta i Bjørnafjorden. No er tilflyttaren inne i den politiske varmen.

Kjærstad, som er oppvaksen i Loddefjord, fann kjærleiken med ei jente frå Os, og flytta til bygda. I haustens val stod han opphavleg på 31. plass på Bjørnafjorden Frp si liste, men ved hjelp av slengjarar og personrøyster, kom han seg opp til 9. plass, og fekk fast plass i kommunestyret. Torsdag er det konstituerande møte.

– Eg hadde ikkje venta å koma inn. På den andre sida har eg jobba ganske hardt for det. Eg har brukt mykje fritid, og arbeidstid, på politikken det siste året, fortel 32-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

For ganske nøyaktig eitt år sidan, byrja Kjærstad å dukka opp på politiske møte. Det gjekk ikkje lang tid før han meldte seg inn i Framstegspartiet.

I tillegg til å ha hatt fast plass på tilhøyrarbenken i kommunestyret, har 32-åringen vore innom både formannskaps- og planutvalsmøte, vitja lokale verksemder, stått på stand i valkampen og, i det siste, vore på skulemøte i alle bygdene som står i fare for å mista nærskulen sin.

– Eg har lagt ned ein innsats. Det har teke tid. Samstundes er det utruleg verdifullt å ha med seg no når eg skal verta del av kommunestyret, seier tilflyttaren.

Les også
Slik vert det nye kommunestyret i Bjørnafjorden. Sjå alle representantane
Les også
Jon Ivar stod på 13. plass på INP si liste. Å møta i kommunestyret var ikkje i tankane hans i det heile

Kjærstad legg til at han er imponert over kor konstruktive innspela på skulemøta har vore.

– Eg hadde sett føre meg at det skulle vera mykje meir kjeft og politikarforakt, seier han.

Frp-politikaren trekkjer spesielt fram møta på Fusa-sida av kommunen.

– Her hadde ein verkeleg gjort heimeleksa si i forkant av møta med data, statistikk, gode innlegg og flotte talarar. Det var ingen tvil om at dei hadde budd seg godt.

– Vi får ikkje gjort noko moro før vi har kontroll på lommeboka

32-åringen har alltid vore politisk engasjert, men aldri aktiv, før no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ein næringsengasjert bedriftseigar, ingen sportsmann. Eg kunne ikkje ha bidrege med å vera trenar i eit idrettslag, men på den politiske arenaen trur eg at eg har litt å koma med. Dette er mitt bidrag til storsamfunnet, seier han.

– Hovudårsaka til at eg begynte å gå på møta, var at eg ønskte å få eit inntrykk av dei ulike aktørane. Som innflyttar, var det berre Terje Søviknes som var eit kjent namn. Eg observerte, lytta og fann ut kor partia stod i dei ulike sakene, legg Kjærstad til.

Den soleklart viktigaste saka i komande periode, er, slik han ser det, å få orden på økonomien.

– Vi får ikkje gjort noko moro før vi har kontroll på lommeboka. Det er ikkje nokon disputt om det. Spørsmålet er korleis ein skal gjennomføra nedskjeringane, seier han og understrekar viktigheita av god dialog og tydelegheit i ein slik prosess.

– Det som skal skje, må vera tydeleg politisk forankra. Vi kan ikkje svaia for mykje frå år til år. Og så treng vi ikkje nødvendigvis prøva å vera så populære. Det er ikkje vanskeleg å seia det folk vil høyra. Det som er vanskeleg, er å stå for ein trygg politikk både når det bles og når sola skin, meiner Kjærstad.

Han trur tida som kjem vert endå tøffare for administrasjonen, enn for «oss hobbypolitikarar». 32-åringen er oppteken av at administrasjonen ikkje må bli ståande åleine, men at kommunen har eit tydeleg, politisk styre som backar opp om dei avgjerdene som skal takast. Han er spent på kva som kjem fram i rapporten som administrasjonen skal levera på skuleområdet.

– Mange har kritisert rapporten til PwC. Men PwC leverte det som vart bestilt. Det vert spennande å sjå om det er store sprik mellom det som PwC meiner det er mogleg å spara på å leggja ned skular, og det administrasjonen har kome fram til.

Les også
Kan bli eit av dei nye andleta i kommunestyret: – Det finst mange moglegheiter, og eg har mange idear
Les også
Då krigen braut ut i heimlandet, fekk Julia ein ny kvardag. No tek ho sats endå ein gong
Opp 16. plassar: Arve Samnøy har vore engasjert i Høgre i lang tid. No får han fast plass i kommunestyret, etter å ha klatra frå 20. til 4. plass på lista.

– Eg har ikkje gjort noko aktivt for å få folk til å røysta på meg

Arve Samnøy (53) har vore vararepresentant for Høgre både i Fusa og Bjørnafjorden kommunar. Etter å ha klatra frå 20. til 4. plass på lista i årets val, tek han sete i det nye kommunestyret. 53-åringen kjem frå Bogøy og er salsleiar i Hummervoll Industribelegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er spennande. Eg kjenner på det ansvaret vi har som kommunestyrerepresentantar, og at eg må forvalta den tilliten eg har blitt gitt, på ein god måte, seier Samnøy.

At han som i utgangspunktet stod langt nede på lista, no får sjansen til å gjera ein ekstra innsats for innbyggjarane i Bjørnafjorden, tek han som ei tillitserklæring.

– Eg er glad i å snakka med folk, men har ikkje gjort noko aktivt for å få folk til å røysta på meg. Eg vart litt overraska, vedgår han.

– Kva tenkjer du om det arbeidet kommunestyret skal ta fatt på den neste fireårsperioden?

– Om vi ikkje får hundre prosent stell på økonomien, så må vi alle fall sjå på det. Det er viktige prioriteringar som skal gjerast. Når det gjeld skulesaka, har eg ikkje teke noko standpunkt til det sjølv. Eg har delteke på alle folkemøta for å få eit best mogleg grunnlag for avgjerda som skal takast, og ventar no i spenning på rapporten som kjem frå administrasjonen, seier Samnøy.

19. oktober er det konstitueringsmøte. Berre ei veke seinare er planen at både budsjettet og skulerapporten skal leggjast fram for politikarane. Det nye kommunestyret hoppar med andre ord rett inn i dei alvorstunge sakene.

– Eg soknar sjølv til Ådlandsfjorden barneskule. Skulesaka er ei viktig sak som opptek meg, men eg kjem til å gå inn i det med eit ope sinn, seier Høgre-politikaren.

Samnøy er oppteken av primærtenestene til kommunen, som oppvekst og helse. Han kjem etter alt å døma til å verta del av tenesteutvalet til kommunen, som no vert oppretta på ny.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg til å spara kostnader må vi auka inntektene våre. Vi må sørgja for at næringane i kommunen har gode rammevilkår og får høve til å utvikla seg. Utan næringsutvikling får vi heller ikkje nye innbyggjarar og nye skatteinntekter, påpeikar Samnøy.

– Kva er du mest spent på i den komande perioden?

– Samarbeidet med Frp. Vi dannar jo fleirtal, så det er naturleg at vi samarbeider tett. Sånn umiddelbart tenkjer eg at det er det mest interessante, samt budsjettarbeidet og utfallet av skulesaka. Fram mot nyttår er det heilt klart det som kjem til å oppta oss mest, slår 53-åringen fast.

Søndag kjem det sak med tre til av dei nye politikarane i Bjørnafjorden kommunestyre: Jon Ivar Revne (INP), Hege Bjørnør (SV) og Jo Rune Ugulen Kristiansen (Ap).