Ny ordførar: Trine Lindborg (Ap) overrekte klubba og ordførarkjede til Terje Søviknes (Frp) i ettermiddag.

Her får Søviknes ordførarklubba attende

Terje Søviknes (Frp) er valt til ordførar i Bjørnafjorden kommune.

I ettermiddag gjekk det konstituerande møte i Bjørnafjorden kommunestyre av stabelen.

Etter at valet var godkjent, og formannskapsmedlemmene spikra, var det tid for val av ordførar og varaordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleirtalet gjekk, som venta, for Terje Søviknes (Frp) og Marie Lunde Bruarøy (H) i dei to rollene.

– Tusen takk for tilliten eg har fått både frå innbyggjarane og dette kollegiet, sa Terje Søviknes før han gikk rett over til å takka tidlegare ordførar Trine Lindborg (Ap) for innsatsen hennar.

– Det vart ein litt tøff start for den nye kommunen, men du har stått i det, og vore kommunen sitt ansikt utad. Du har representert oss på ein god måte og eg har lyst til at kommunestyret skal takka deg for den innsatsen du har lagt ned, sa Søviknes før han overrekte ei blom til Lindborg, og avtroppande varaordførar Harald Lekven.

Søviknes vart valt til ordførar med 23 røyster, 13 Frp, 6 H, 3 INP og 1 KrF. MDG og V røysta blankt i ordførarvalet, Ap og Sp røysta for Trine Lindborg og SV røysta for Asle Olsen.

Kort tid etter vart Marie Lunde Bruarøy valt til varaordførar med 33 røyster. Sv røysta blankt.

Formannskapet i Bjørnafjorden i 2023–2027 består av følgjande medlemmer:

• Terje Søviknes (Frp), ordførar.

• Marie Lunde Bruarøy (H), varaordførar.

• Espen Aspenes (Frp).

Artikkelen held fram under annonsen.

• Laila Marie Reiertsen (Frp).

• Emil Tetlie Brimsholm (H).

• Trine Lindborg (Ap).

• Helge Steinum (Ap).

• Jon Ivar Revne (INP).

• Asle Olsen (SV).