Aktiv på fylket: Det vert mindre kommunepolitikk, og meir fylkespolitikk for Nils-Anders Nøttseter (MDG) i tida som kjem.

MDG-politikaren har vore ei markant røyst i planutvalet dei siste åra. No overlét han ansvaret til andre

Nils-Anders Nøttseter har ikkje fast plass i formannskapet eller plan-, bygg- og miljøutvalet dei fire neste åra.

I det nye kommunestyret er MDG sine representantar redusert frå tre til éin. Då det konstituerande møtet fann stad sist torsdag, vart det klart at partiets einaste kommunestyrerepresentant, Nils-Anders Nøttseter, korkje tek sete i formannskapet eller PBM.

Det vil seia, MDG-politikaren er vara for Asle Olsen (SV) i formannskapet. Dermed kan det fort bli nokre innhopp der.

Artikkelen held fram under annonsen.

– MDG gjekk ned i valet. Veljarane har sagt sitt og vi hamna i opposisjon. Dermed må vi må ta ei litt anna rolle enn vi har hatt dei fire siste åra, seier Nøttseter.

Les også
Slik vert utvala sjåande ut

– Ikkje mangel på politikk framover

I førre periode hadde partiet fire aktive politikarar, og var representert både i formannskap og PBM. No held Marie Hauge fram som partiets representant i PBM, medan Malin Nøss Vangsnes-Weaver skal vera med i kontrollutvalet.

– Vi har bygd opp ei mykje sterkare gruppe enn vi hadde i den første perioden i kommunestyret (2015-2019, journ. mrk.), og det er viktig for oss at vi får involvert flest mogleg av desse, og vidareført det arbeidet. Vi er éin i kommunestyret, men kan ikkje gi alle roller til meg. Det vil vera heilt uinteressant for partiet, seier Nøttseter som er utruleg glad for at Marie Hauge held fram i PBM.

– Ho har gjort ein utruleg god jobb der, og kjem til å gjera ein utruleg god jobb i åra som kjem.

MDG-politikaren legg til at han har mange meiningar om det som skjer i kommunen, og at han får høve til å gi utrykk for desse i kommunestyremøta. I tillegg har han fått mykje ansvar på fylket. Nøttseter er gruppeleiar for MDG, og medlem av fylkesutvalet og næringsutvalet i Vestland.

– Det vert ikkje mangel på politikk framover sjølv om eg får ei redusert rolle i Bjørnafjorden, påpeikar han.