Medan ein ventar på kryssingspunkt: Kanskje barna berre skal få stå og venta på å kryssa vegen, heller enn å læra dei at bilane stoppar for dei? Plutseleg ein dag går dei ut i vegen framfor ein bil som ikkje stoppar.

Dødsfella på Hegglandsdalsvegen

Tanken er sjølvsagt god, men kor smart det er, er eit anna spørsmål.

Det er ikkje fotgjengarovergang på staden, men bilen stoppar for å sleppa mjuke trafikantar — born — på veg til skulen over vegen. Er det så smart?

Etter mykje om og men, blei det etter nokre år endeleg betre forhold for mjuke trafikantar på Hegglandsdalsvegen. Stykket frå krysset ved Hatvikvegen og inn til skulen og barnehagen på Hjelle, blei ferdigstilt mot slutten av 2022.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil seia, heilt ferdigstilt er det ikkje alle som er samde i at prosjektet er. Det kjem framleis klagar på strekket. Under anleggsperioden var det eit overgangsfelt frå avkøyrselen til Hesthaugen og over på motsett side, slik at dei mjuke trafikantane på veg til skulen — og elles — kom seg trygt over Hegglandsdalsvegen.

Men etter at prosjektet blei “ferdigstilt”, glimrar eit overgangsfelt med sitt fråvær her. Det er rett nok sett ned frå 50- til 30-sone, men langt frå alle ser ut til å vera vakne på morgonkvisten der fartsreduksjonen inntreffer – rett ved den aktuelle staden.

Det er rigga for eit overgangsfelt. Det er tydeleg. Fylkeskommunen stadfester også dette, men dei er usikre på om det er rette staden å plassera eit overgangsfelt. Dette basert på observasjonar, seier dei og viser til at gåande vel å kryssa nokre meter bortanfor.

Og då kjem vi til poenget.

— Eg veit at du berre ville vera hyggjeleg, men at du stoppar for oss, kan faktisk skapa ei falsk tryggleik i borna.

Den tilbakemeldinga har festa seg i meg. Det var ein barnehagetilsett som fortalde dette til underteikna som skulle vera hyggjeleg og sleppa barn og vaksne over vegen ein stad der det ikkje var overgangsfelt. Dei ville heller at eg skulle køyra vidare.

Denne situasjonen oppstår kvar veke, og kanskje til og med kvar dag, på Hegglandsdalsvegen. Bilar stoppar ved Hesthaugen for å sleppa skuleborn over vegen. Seinast i dag stoppa bilen framfor meg opp. Mot oss kom ein trailer, som tok teikninga og stoppa.

Mange barn forstår nok at ein må venta til bilar har stoppa før ein går ut i vegen. Men det er ikkje sikkert at alle gjer det. Kva om det snik seg inn ein vane eller ein idé om at alle bilane stoppar for meg her. Det gjer dei jo alltid. Så eg kan berre gå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja, her burde det ha vore eit trygt kryssingspunkt for mjuke trafikantar. Om ikkje nett der det var tenkt plassert, så i alle fall rett ved.

Medan ein ventar på det, er det gjerne greitt å lata barna venta på klar bane før ein inviterer dei til å kryssa framfor trafikken.