På sidelinja: I nesten to fulle sesongar, har Vilde Drange Veglo (21) vore tilskodar. Det har blitt nokre timar med styrketrening og sykling. I kveld skal ho endeleg få spela fotball på stor bane igjen.

Har dokumentert 623 dagar med skademareritt: — Det har aldri vore tema å gje opp

Den lange vegen tilbake frå skade held fram for Vilde Drange Veglo (21) som fredag endeleg skal få lov til å spela på stor bane igjen.

— Det kriblar i kroppen med tanke på at det snart nærmar seg comeback. Så mykje at det er vanskeleg å få sova. Fullstendig overtenning, konstaterer 21-åringen.

Som del av opptreninga etter det lange skadeavbrekket, er Drange Veglo no komen til fasen der ho skal få lov til å ta del i spel på stor bane elleve mot elleve. Det skjer i kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er første gongen på to år at eg får gjera det, seier ho.

To sesongar på sidelinja

Heilt i starten av sesongen i 2022, rauk både krossbandet og menisken, og Drange Veglo måtte følgja resten av sesongen frå sidelinja. Og det stoppa ikkje der. I januar 2023 måtte ho på ny operera menisken.

— Eg har operert to gonger. Det har gjort at alt har teke mykje lengre tid. Eg har heile vegen trent det eg har kunna, seier Drange Veglo, som har gått glipp av nesten to heile sesongar.

— Korleis har det vore å sitja på sidelinja og sjå på lagveninnene?

— Det har vore ganske forferdeleg. Det er snakk om lang tid, der enkelte periodar har vore tyngre enn andre. Kampdagar har vore ekstra vanskelege. Då blir eg minna om kva eg eigentleg er her for å gjera, men som eg ikkje kan — sjølv om det er alt eg ønskjer.

Det har likevel aldri vore eit tema å gje opp.

— Aldri. Eg har vore bestemt på at eg skal attende uansett kor lang tid det tek, og kva eg må gå gjennom. Det einaste som kunne ha stoppa meg, var om eg fekk beskjed at eg ikkje fekk lov til å vera del av dette lenger.

Arna-Bjørnar startar sesongen i Toppserien 16. mars, borte mot Rosenborg. Nøyaktig ei veke seinare, klokka 15 laurdag 23. mars, er eit tidspunkt og ein dato Drange Veglo har merkt i kalenderen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesten tilbake: 21-åringen frå Os har blinka ut første heimekamp for sesongen som eit mogleg comeback i ein offisiell kamp.

Har blinka ut dato

Då skal Arna-Bjørnar spela første heimekamp for sesongen. Åsane er motstandar. Forhåpentlegvis får Drange Veglo endeleg nokre minutt på fotballbanen igjen.

— Eg skal gjennom ulike testar framover, men eg har snakka med fysio, og vi har kampen mot Åsane som mål.

Arna-Bjørnar startar sesongen i Toppserien helga før, borte mot Rosenborg.

Risikoen for skadar er høgare for 21-åringen som har vore så lenge ute, enn for spelarar som har vore friske over tid. Kroppen er ikkje lenger van med påkjenningane, bevegelsane og det å sparka fotball.

— Samstundes har eg større sjanse for å ryka krossbandet og menisken. Men det får eg ikkje gjort noko med. Eg føler meg veldig bra, og kjem til å jobba på vidare, seier Drange Veglo.

Har teke del i det meste — utanom fotball

21-åringen er ein av tre osingar i stallen. Dei to andre er Nora Nøss og Linnea Sælen. Førstnemnde og Drange Veglo var begge ute med krossband-skader i 2022-sesongen.

— Vi fann mykje støtte i kvarandre. Det er ikkje alle som veit korleis det er å få slike skader, og vera ute så lenge. Då er det fint å kunna dela det med nokon.

Det har vore viktig for Drange Veglo å vera del av gjengen og sjå lagveninnene så ofte som mogleg. Å reisa til Arna på treningar, sjølv om ho ikkje har kunna delta, har vore ei sjølvfølgje.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det har vore opp til meg sjølv om eg skulle “hamna på utsida” medan eg har vore skada. Eg har vore til stades så mykje som mogleg, og bidrege med det eg har kunna.

Oppdatering på privat Instagram-gruppe

Under heile skadeopphaldet, har Drange Veglo oppdatert sin nærmast krets — dag for dag. I ei eiga, privat gruppe på Instagram, har 21-åringen ført dagbok. Ho fekk eit tips frå ein Åsane-spelar då ho først blei skadd, om at dette var ein fin måte å følgja og dokumentera progresjonen.

— Eg er svært glad for at eg har gjort dette. Så godt som kvar einaste dag i vel 620 dagar har eg dokumentert. Det har skjedd ein del personleg i denne perioden, så det har blitt som ei dagbok og terapi for meg, seier Drange Veglo.

Då ho starta med dette, slo det ho aldri at det skulle gå om lag to år.

— Det er blitt litt ekstremt. Men eg har kunna følgt progresjonen min. Den hadde eg ikkje sett på same måte utan. No kan eg sjå alt eg har vore gjennom, seier Drange Veglo og smiler.