Stadfestar: Leiar for familiens hus i Bjørnafjorden, Linda Hevrøy, stadfestar at den siste kommunepsykologen knytt til barn og unge, nyleg sa opp stillinga si.

Den siste kommunepsykologen knytt til barn og unge, har sagt opp

Utfallet som fleire gonger er varsla om, er blitt ein realitet.

— Det er ikkje dermed sagt at vi kjem til å stå utan kommunepsykolog til barn og unge. Vi går umiddelbart i gang med utlysing av stillinga, seier leiar for familiens hus, Linda Hevrøy.

I tenesteutvalet i slutten av januar, spurte Jo Rune Ugulen Kristiansen (Ap) Hevrøy om dei har merka konsekvensane av budsjettet som er vedteke. Eitt av kutta som skulle gjennomførast, var å ta bort éin av de i to kommunepsykologane knytt til barn og unge og psykisk helse i Familiens hus.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kommunepsykologane har sagt at om det vert éin psykolog att, så ønskjer ikkje dei å halda fram, sa Hevrøy då.

Dei visste at det kunne gå den vegen, og no har siste attverande psykolog sagt opp.

— Det skjedde nyleg. Vi har nokre månader på oss til å rekruttera ein ny, grunna oppseiingstid. Vi får håpa at vi lukkast med det, seier Hevrøy.

Før det blei vedteke å kutta ein kommunepsykolog, stod Bjørnafjorden kommune med totalt tre kommunepsykologar.

To under området oppvekst, i Familiens hus, og éin under området helse.

Lukkast ikkje kommunen å rekruttera til ledig stilling i Familiens hus, står altså kommunen utan kommunepsykolog knytt til barn og unge si psykiske helse.