Mørkt: Kommunen skal spara pengar ved å sløkkja veglys. Det har mange reagert på. Her frå Solbakken, som er eit av dei første områda innsparingsgrepet blir gjennomført.

Har gjort ny vurdering. Endrar tidspunkt etter “innspel” frå innbyggjarar

Bjørnafjorden kommune har i ei melding på heimesida i dag oppdatert tidspunktet for veglyssløkking.

Å sløkkja veglys delar av døgeret er blant innsparingstiltaka kommunestyret vedtok i budsjettet for 2024. Kritikken hagla etter at vedtaket vart sett ut i live.

No endrar kommunen tidspunktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opphaveleg melde kommunen at lysa skulle av klokka 07.30 om morgonen, og klokka 20.00 om kvelden.

Tidspunktet om morgonen står ved lag, men på kveldstid skal det no vera lyst fram til klokka 21.00.

Utset mørklegging om kvelden

Leiar for VA og samferdsle i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland, skriv i ei tekstmelding at ho har gjort ei ny vurdering etter å ha fått innspel. Det same fortel kommunalsjef for samfunnsutvikling, Runar Lunde.

— Eg gav faktisk nettopp beskjed til eldrerådet. Rett før du ringde, seier han.

Det å forskyva “mørklegginga” med ein time, vil gje litt mindre innsparing, men totalt sett er det rett å gjera, meiner kommunalsjefen.

— Vi fekk mange tilbakemeldingar. Dei fleste gjekk på at det var for tidleg å sløkkja lysa klokka 20. Det har vi teke til oss. Det er ikkje eit stort grep å gjera endringar, og etter kvart som det går mot lysare tider, er det fort mindre behov for lys. Vi tek ei evaluering etter kvart, seier han.

Har fått positive meldingar

Lunde legg til at det ikkje berre har kome negative kommentarar på kommunens innsparingsgrep.

— Vi har også fått positive meldingar. Spesielt i forhold til lysforureining, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sløkking av veglys gjeld i førsteomgang desse strekka:

* Midtbøvegen

* Øvre Varåsen

* Solbakken

* Reset

* Nilsavegen

* Skeisheia

* Skjelbreidvegen

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ådlandsvegen

* Skeisbotnen

* Røttingavegen

* Kvernhusrenen

* Ulvenvegen

* Velumsbrekkene