– Be om hjelp: Trine Lise har vore redd for å be om hjelp i mange år. No oppmodar ho andre om å leggja bort frykta. – Vi er ikkje skapt for å klara alt sjølve, seier ho.

1 av 5 har økonomiske vanskar. Trine Lise må snu og venda på kronene.

– Det tappar meg for energi og skapar mykje bekymring.

Av folkehelseoversikta som vart lagt fram for kommunestyret for kort tid sidan, går det fram at meir enn 400 barn i alderen 0-17 år er råka av familiefattigdom. Vidare kan ein lesa at om lag 1.780 hushaldningar (av 10.491) kan ha betydelege økonomiske utfordringar på grunn av dyrtida.

Trine Lise Svendsen (37) er ei av dei som slit. Det sit langt inne for henne å gå ut i offentlegheita å snakka om at ho er blant dei som lever under fattigdomsgrensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er diverre slik at det er både skam og ei kjensle av mindreverd knytt til det å vera fattig. Spesielt i Noreg der det vert snakka så mykje om at vi er rike og har det godt.

Ho er oppteken av at dei ulike sidene av samfunnet må synleggjerast, og at folk ikkje må vera redde for å be om hjelp.

– Det burde vore meir fokus på at i eitt av verdas rikaste land, er det mange som har problem med økonomien, meiner ho.

Les også
400 barn er råka av fattigdom: – Terskelen for å ta kontakt er høg for mange

– Du kjenner deg avskoren frå sosiale settingar

Sjølv er ho 37 år, ufør, og åleine med to born på 16 og 6 år.

– Den siste jobben eg hadde var i Osbuss, som bussjåfør, fortel ho.

Men helseplagene gjorde det etter kvart vanskeleg å vera i jobb. Ein mageoperasjon for ti år sidan førte nemleg til infeksjon og sepsis, og då Trine Lise vart hasteoperert to månader etter den første operasjonen, var det ingen som visste om ho kom til å overleva. I dag har ho ein ernæringssonde i magen. Ho har også fått fibromyalgi og utmatting som følgje av trauma.

– Å verta ufør i ein alder av 36, er eit nederlag. Eg har heile livet framføre meg. På den andre sida, når helsa vart så dårleg som han vart, er eg glad for at eg har moglegheita, seier ho.

Trass utfordringane, Trine Lise ønskjer å sjå lyst på tilværet. Ho er glad for at ho er i livet, og for at ho har tak over hovudet, varme og vatn. Det er mange som har det verre enn meg, påpeikar ho. Samstundes har omgrepet snu og venda på kvar einaste krone, blitt stadig meir familiært.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei økonomiske bekymringane heng over meg heile tida. Eg må heile tida tenkja, har eg råd til å kjøpa denne, klarer eg å betala alle rekningane mine denne månaden, eller må eg ringja og be om å få utsetja, eventuelt dela opp nokre av dei, fortel 37-åringen.

Vi er inne i ein periode med uvanleg høg prisvekst. Dyrtid, vert det kalla. Når prisane stig mykje utan at inntektene aukar tilsvarande, må hushaldningane stramma inn. For mange er det å ta ned forbruket, utan at det går nemneverdig ut over livskvaliteten, uproblematisk. Men for dei som har lite frå før, vil ei kvar auke i pris på naudsynte gode som mat, buutgifter, straum og transport, fort skapa store problem, går det fram av folkehelseoversikta.

For Trine Lise er shopping heilt uaktuelt. Aktivitetar for borna er også vanskelege å få til. Det same gjeld veninnekveldar, eller liknande.

– Du kjenner deg ganske avskoren frå sosiale settingar, seier ho.

Tøft: Å gå ut i offentlegheita og fortelja at ho er blant dei som lever under fattigdomsgrensa, sit langt inn. Men Trine Lise Svendsen er oppteken av at alle samfunnets realitetar må synleggjerast.

– Vanskeleg å bu i Noreg og vera fattig

Før jul bestemte ho seg for å be om hjelp. Det sat langt inne, men like før Os frivilligsentral og SOS Bjørnafjorden sitt Hjartetre-prosjekt vart avslutta, tok ho opp telefonen og ringde den frivillige organisasjonen.

– Vi fekk ein stor pose med julegodt, tørrvarer frå Toro og eit gåvekort på Rema 1000 på 1.000 kroner. Det var heilt fantastisk. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan den hjelpa. Eg får gåsehud når eg snakkar om det, seier 37-åringen.

Borna ønskte seg ei oppleving i julegåve. Dermed kunne heile familien gå på Osbadet i lag.

– Når du går ut av døra, tek du gjerne på deg ei maske. Alt skal vera så fint og flott. Men tala i folkehelseoversikta syner at sjølv i «vesle» Os, er det mange som slit. Eg visste jo at eg ikkje var åleine, men at det skulle vera så høge tal, ante eg ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at når økonomien er dårleg, har ein automatisk mange andre problem også.

– Situasjonen tappar meg for energi og skapar mykje bekymring.

– Eg prøver å ikkje tenkja for mykje på at eg er sjuk. Tankens kraft er stor. Samstundes er det heilt uunngåeleg, seier ho og legg til at ho er glad for at ho framleis har begge foreldra å støtta seg på.

– Eg likar eigentleg ikkje å klaga. Det er så mykje anna fælt som skjer rundt omkring i verda. Men det er vanskeleg å bu i Noreg og vera fattig, slår ho fast.

– Eg har vore redd for det i alt for mange år

Rush, Leos lekeland, dyre hudpleieprodukt og dei «rette» kleda. Presset er stort på kva barn og unge skal gjera og ha i dagens samfunn. For Trine Lise er det heilt umogleg å innfri slike forventningar.

Og skulle det dukka opp noko uføresett... 37-åringen tek ein lang tenkjepause.

– Då må eg ta litt frå alle postane og kutta ned. Det er ikkje alle dagar vi har middag på bordet. Nokre dagar vert det toast med litt salat på sida, fortel ho.

Då det eldste barnet hennar byrja på vidaregåande, måtte ho kjøpa datamaskin - og ikkje kva type som helst. For at datamaskina skulle vera god nok for programma dei skulle bruka, måtte det vera ein Mac.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde ikkje noko anna val enn å setja opp ein avtale. Eg kjem til å betala på den Mac'en lenge etter at 16-åringen er ferdig med vidaregåande.

For at færre skal kjenna på den skamma ho mange gonger har kjent på, meiner 37-åringen det må vera meir fokus på det som faktisk er realitetane i samfunnet.

– Når sjølv dei som i utgangspunktet har ei grei løn, strevar, er det inga hemmelegheit at dei som er dårlegare stilte, strevar meir, seier ho og held fram:

– Vi lever i eit bruk-og-kast-samfunn med eit stort kjøpepress heile tida. Vi bør oppretta fleire stader der folk kan levera inn det dei ikkje har bruk for lenger. Eg er sikker på at det ville vore til stor glede både for dei som har ting å gi, og for dei som treng å få. Styresmaktene kunne til og med spart pengar på slike plassar. Ein hadde ikkje trengt å gi ut like mykje i stønader.

I tillegg til tankane ho har om ein meir sirkulær økonomi, er Trine Lise oppteken av at folk ikkje må vera redde for å be om hjelp, anten det gjeld økonomi eller andre utfordringar i livet.

– Eg har vore redd for å be om hjelp i alt for mange år. Men eg prøver å læra meg å ikkje vera så standhaftig og tenkja at eg skal klare alt sjølv. Vi er ikkje laga for å klara alt sjølv, påpeikar 37-åringen.