Linnea Hjelle Fløysand og resten av Os-laget var til tider gode mellom dei to 16-metrane, men sleppte gjestane Voss for lett til på daudball.

Gjev laget OK minus etter sesongdebuten mot Voss

– Voss er eit lag me skal slå. Dermed kan me ikkje vera nøgde med innsatsen etter søndagens kamp, seier trenar Ørjan Sandal.

Sjølv om Os-damene styrte det meste av spelet og hadde bra kontroll på det som skjedde mellom dei to 16-metrane, var det altså gjestane Voss som kunne gle seg over tre poeng etter søndagens kamp på Kuventræ.

Trenaren til Os-damene meiner Voss like vel vann fortent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fotball handlar om å skåra flest mål. Voss skåra fire, me skåra tre, då vann dei fortent, konstaterer Sandal på sitt karakteristiske vis.

– Var jentene prega av sesongdebuten?

– Ja, kanskje litt. Eg meiner i alle fall at prestasjonen ikkje var så bra som me kunne håpa på. Ok minus er min karakter for denne kampen, seier Os-trenaren.

Os-damene skåra tre gonger. Eitt vart sett inn av Tina Skogedal. Dei to andre vart sett inn av Ingeborg Sundal Ljostveit.

Medan Os møtte Voss på Kuventræ, vann Maria Hatvik Flister og andrelaget til Brann 4-0 over Arna-Bjørnar 2 i Bergen.

Mangla råskap

I årets serieopning i 3. divisjon måtte heimelaget klara seg utan midtstopper og kaptein Lilly Skarstein Kjetland. I tillegg er veteran Andrine Kvittingen ute med skade, medan keeper Maria Hatvik Flister søndag stod for sin nye klubb Brann 2.

– Me lir naturleg nok når våre beste på daudballar er borte. Då er det viktig at andre står fram. I kampen mot Voss klarte me ikkje det, konstaterer Sandal.

Han såg laget sitt sleppa inn tre mål på hjørnespark.

– Her har me ei utfordring. Me kan ikkje vera avhengige av enkeltspelarar i slike fasar. Her må me øva og syta for at fleire tek ansvar og ryddar opp, slår Sandal fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Keeper Maria kjem tilbake på utlån til Os om ein månads tid. Andrine Kvittingen er skadd, og det er enno uvisst når ho er tilbake.

– Men Lilly er klar til neste kamp?

– Ho sona karantene mot Voss, men er tilbake til neste seriekamp borte mot Nymark 5. april, slår Sandal fast.

– Du antar de vil møta sterkare lag enn Voss utover i sesongen?

– All ære til Voss-damene. Dei står verkeleg på og er ekle å møta, men eg reknar nok Brann 2, Lyngbø og Sotra til å vera sterkare lag, meiner Sandal.