Engasjement for ungdom: – På mange måter trur eg at eg alltid har villa jobba for og med ungdom, seier Maria.

Maria brenn for å hjelpa ungdom: — Alt for mange sit isolerte heime på gute- eller jenterommet

Nyleg stifta ho «Ungdom i aktivitet» (UiA). På sikt håpar Maria R. Nilsen å få eit kompetansesenter for ungdom i Bjørnafjorden.

42-åringen har alltid hatt eit sterkt ønske om å jobba med og hjelpa ungdom. Spesielt har ho eit hjarte for dei mange som per dags dato ikkje kjem seg ut av gute- eller jenterommet.

— Det er eit langt større problem enn mange er klare over. Nyleg hadde NRK ei sak på trykk der det vart konstatert at heile 70.000 ungdomar i landet per i dag står utan skule-, jobb- eller trygde-tilbod. I tillegg kjem alle dei som er i NAV-systemet. Det er mange, sukkar Nilsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Organisatorisk erfaring

Ho er opphavleg frå Stord, men har budd i Os dei siste 11 åra. Me møter ho heime i einebustaden på Haugane på Søfteland.

— Eg flytta hit i 2013. Med tre born som bur og trivst her, blir eg nok verande, slår stordabuen fast.

Inntil 2021 jobba ho som akuttsjukepleiar på Haukeland Universitetssjukehus. Dei to siste åra har ho vore sjølvstendig næringsdrivande.

— Eg driv eit firma kalla «Hjernesprek», og trivst godt med det, men draumen og planen min har heile vegen vore å jobba med og for ungdom. Det har på ein måte vore noko eg har kjent på sidan eg var ei ung kvinne, fortel Nilsen, som til dagen også studerer psykologi.

Ho hadde sjølv ein noko spesiell oppvekst som medlem av eit sterkt religiøst miljø. Ho forlét etter kvart dette miljøet. Sidan har ho vore medlem av «Hjelpekilder Vest».

— Dette er ein organisasjon som jobbar for å støtta folk som har forlate eit lukka, religiøst miljø. Eg har lært mykje om organisasjonsarbeid — ei erfaring eg tek med meg i etableringa av den nye foreininga her i Bjørnafjorden.

To månader etter at foreininga UiA Bjørnafjorden såg dagens lys, har ho to viktige støttespelarar på plass og har alt hatt eit godt møte med kommunen.

— I leiinga i foreininga har me no med oss ein barnevernspedagog og ein lærar som også er kognitiv terapeut, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kva er målet?

— Dette er eit pilotprosjekt. Me ønskjer å etablera denne foreininga med hovudbase sentralt i Os, og me ønskjer å knytta til oss både menneskelege og finansielle ressursar, seier Nilsen.

Medverkande årsak: Stadig fleire ungdom blir sitjande inne og slit med å koma seg ut igjen. Gaming er ofte ein medverkande årsak til isolasjonen.

Godt tekne i mot

42-åringen har lese seg opp på temaet og har vore i møte med både Bergen og Bjørnafjorden kommunar. Inntrykket er at omfanget er så stort at kommunane ikkje har kapasitet eller godt nok apparat til å hjelpa dei som treng det mest.

— Me var i møte med Line Rye og kommunen (kommunalsjef for oppvekst) no på tysdag. Eg må seie eg er veldig glad for korleis me vart møtt. Dei applauderte tiltaket vårt, og me hadde ein god og lang prat om korleis me kan hjelpa dei mange unge som fell ut av samfunnet, fortel Nilsen.

Ho legg til at tilbakemeldinga frå Bergen og Bjørnafjorden er den same.

— Dei ser at problemet er aukande, spesielt blant gutar: Dataspel, dårleg søvnrytme og alle følgjeproblema — sosial angst, vegring for å søkja hjelp, vegring for å snakka med NAV, vegring for å køyra bil, treffa folk. Til slutt sit mange fanga i si eiga boble heime på rommet. Dette er noko eg kjenner enormt sterkt på. Me må få ungdomen ut, og aktivisera dei. Ungdom er bygd for å vera aktive, for å ha mange ballar i lufta, ikkje for å sitja stille i ein stol og lukka seg inne, konstaterer Nilsen.

Ho ler lett ironisk av seg sjølv:

— Du får stansa meg når du har sjansen. Når eg først byrjar å prata om dette, blir eg veldig engasjert.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kva kom de fram til i lag med kommunen?

— Me har inngått ein avtale om å samarbeida. Dei vil også hjelpa oss med å prøva å finna eit eigna lokale der me kan jobba frå. Me ønskjer oss eit senter, ein stad der me kan ha aktivitør og ein trena stab til å ta imot og aktivisera ungdom, fortel ho.

Godt supplement

Kommunalsjef for oppvekst, Line Rye, applauderer initiativet til Maria og dei andre i den frivillige organisasjonen.

– Me i kommunen synest dette er eit veldig bra tiltak. Ungdom som vert isolerte på gute- og jenterommet, er eit aukande problem over heile landet, og me treng fleire hender og hjarte som engasjerer seg for å få aktivisert desse ungdomane, seier Rye og held fram:

– Me hadde eit veldig positivt møte med Maria og me vart samde om å samarbeida i tida som kjem. Men skal møtast fire gonger i året for å oppdatera kvarandre på stoda, og det arbeidet som vert gjort.

– Er det kritikkverdig at frivillige organisasjonar må inn og fylla eit behov? Seier det noko om at kommunen ikkje strekkjer til?

– Nei, eg tenkjer at samfunnet som heilskap uansett må engasjera seg for at ungdom ikkje skal oppleva utanforskap og hjelpa dei ut av isolasjon. Me i kommunen skal halda fram med å gjera vårt, men det vil alltid koma godt med at fleire bryr seg og engasjerer seg for ungdomen i kommunen vår. Me ønskjer og treng sterke band til frivillige organisasjonar og slike initiativ er gode supplement til dei tilboda som alt er i kommunen, seier Rye.

Hjernesprek: Mari driv også nettsida og firmaet «Hjernesprek». – Eg er bestemt når eg vil få til noko, seier ho.

Treng unge menn

I denne fasen av prosjektet handlar det om å knyta til seg menneskelege ressursar og få finansieringa på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me håpar både næringslivet og private aktørar vil bidra. Me er også avhengige av å få inn folk med erfaring. Til dømes treng me unge menn som kan gaming-språket, som kan etablera kontakt med dei som er litt «lost» i gaming-land og treng hjelp ut, seier Nilsen og held fram:

— Elles er det inga hemmelegheit at me treng pengar. Både til etablering og drift, men me er edruelege og jobbar ut ifrå eit eittårsperspektiv. Dette skal bli eit pilot-år, seier ho.

— Korleis vil de jobba konkret?

— Det er tolmod som gjeld. Då må me ta babysteg. Me vil dela hjelpa inn i fire fasar: Fase 1 handlar om å få ungdomen ut av rommet, gjerne ikkje lenger enn inn i stova, oppretta dialog og oppretta tillit mellom medarbeidaren vår og ungdomen. Fase 2 er å få ungdomen til aktivitetssenteret. La dei få vera med på oppussing av lokala, la dei kjenna seg velkomne og leggja til rette for sosialisering med likesinna. I neste fase vil me etterstreba å la ungdomen få kjenna på meistring også utanfor senteret, før me kjem til siste fase som er å hjelpa dei tilbake til skule, ut i jobb eller i annan aktivitet.

— Mange kjem opp med gode idear og velmeinande tiltak som dette, men så stoppar det opp. Kva tankar har du om det?

— Eg er ei driftig kvinne som har vore med på litt av kvart før. Dette skal eg og me i foreininga få til. Dette blir noko ut av. Det er eg sikker på. Det er upløgd mark, men folk må sjå alvoret i situasjonen og skjøna at det må gjerast tiltak. Me kan ikkje la flott ungdom berre sitja inne i årevis. Alle har noko å bidra med, men vegen deira ut av gute- og jenterommet må vera tilrettelagt. Det apparatet finst ikkje per dags dato, men me skal jobba for å få det til, slår den standhaftige stordabuen fast.