– For LLA er dette utruleg viktig. Dei minste og svakaste avisene får no eit nødvendig løft.
– For LLA er dette utruleg viktig. Dei minste og svakaste avisene får no eit nødvendig løft.

– Eit stort løft for lokalavisene

Generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA) er jublande glad etter at dei minste lokalavisene får ein kraftig auke i forslaget til statsbudsjett for neste år.

– Av ein samla auke i pressestøtta på 50 millionar kroner, er 30 millionar øyremerkt dei minste lokalavisene, fortel Hetland til Nynorsk pressekontor.

Han legg til at 10 millionar kroner av auken i pressestøtta må sjåast på som ei inflasjonsjustering, men 30 millionar kroner er likevel øyremerkt dei minste avisene. I tillegg blir det føreslege å dobla innovasjonsstøtta til media frå 10 millionar kroner til 20 millionar kroner neste år. Kulturminister Trine Skei Grande har varsla at denne støtta først og fremst skal gå til dei avisene som er hardast ramma av endringane i postomdelinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjærkome og nødvendig

Hetland seier auken er kjærkommen og nødvendig.

– For LLA er dette utruleg viktig. Dei minste og svakaste avisene får no eit nødvendig løft. Det er stor variasjon i medielandskapet, og dei minste avisene slit med både pengar og kompetanse til innovasjon. Eit løft i pressestøtta og ei ekstra innovasjonsstøtte vil ha svært mykje å seia for dei minste lokalavisene, utdjupar han.

Med den varsla auken meiner Hetland dei minste avisene både får meir ressursar til å laga viktig journalistikk i lokalsamfunnet sitt, og at det er mogleg å få støtte til digitalisering, noko som ifylgje generalsekretæren er nødvendig hjå mange.

– Viktigare enn nokon gong

Hetland meiner lokalavisene i dag er viktigare enn nokon gong og peikar på at byavisene og regions- og distriktsavisene har trekt seg meir tilbake til bykjernane sine.

– Lokalavisene er ofte åleine om å følgja lokalsamfunnet rundt om i Distrikts-Noreg både når det gjeld lokalpolitikk, kultur og næringsliv. God lokaljournalistikk er difor heilt avgjerande for eit godt lokaldemokrati. Difor krevst det ressursar til å laga god journalistikk. Dette er eit viktig løft og eit langt steg på rett veg, seier Rune Hetland.